Løysinga ligg i det spartanske

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Storbritannia er sportsgalne publikumarar i harnisk over å først ha møtt stengte billettluker – for seinare på kvelden observere halvtomme tribunar gjennom ein hakkete nett-tv.

Så såg folk at dei paniske arrangørane fylte opp dei tomme seta med utkommanderte soldatar i full mundur.

Særleg sinte vart då dei som studerte historie på 60-70-talet, og som kom på at franskmannen som reknast som den moderne OL sin far, pasifisten Pierre de Coubertin, opphaveleg ville at ungdommen heller burde kjempe i sport enn i krig.

Men opp i alt dette stussar folk på at ei spesiell idrettsgrein alltid ser ut til å klare å fylle stadion til randa med folkefest.

Sandvolleyball.

Om berre dei hine idrettane hadde like stor tiltrekningskraft, var problemet løyst, og tribunene hadde likna mindre på nord-koreanske hærmønstringar.

For forretningsfolket – som er sponsa med gratisbillettar og som generelt er skuld i fråfallet på tribunene – står i lange køer for å kome inn på nettopp sandvolleyball-arenaen. 

Det er fordi dei har skjønt at sandvolleyball er autentisk, i tråd med slik OL ein gong var.

I gamle, vågale Hellas, brukte utøvarane ofte ikkje kle i det heile. Grekarane var nokon lure retorikarar, og det vart i si tid argumentert med at leikane rett og slett var tryggare utan kle, fordi ingen då kunne skjule våpna sine under konkurransane.

Det skulle også vere vanskelegare å skryte på seg noko når ein utilslørt såg motstandaren sitt utstyr.

Orsippus (f. 724 f.kr) var den første til å springe naken i Olympia. Det var ei suksesshistorie – også publikumsmessig. Det var særleg menn som var heilt nakne i oldtida, og dette passa fint for dei single jentene på tribuna. Dei gifte kvinnene vart dessverre nekta inngang, og straffa med døden om dei trassa forbodet.

Men når det er sagt: Dei kvinnelege atletane var ikkje særleg påkledde dei heller. Dei hadde som regel berre ein liten tunika – utan noko under, og særleg var det dei ekshibsjonistiske kvinnene frå Sparta som var kjende for å vise fram låra sine. Desse kvinnene vart oppmuntra av lokalmiljøet til å vere heilt nakne, slik at dei kunne tiltrekke seg ein ektemann og bli gravide.

Nokre har kanskje høyrt historia om idrettskvinna Kyniska, frå Sparta, som i si tid (396 f.kr.) vann det mest prestisjefulle hesteløpet Tethrippon. Det var ikkje eit ledig sete å spore på tribunene den gongen heller, og eg ser ikkje vekk frå at det kan ha hatt noko med at ho var lettkledd å gjere. Eller at ho var lesbisk.

LES MEIR OM AT HO VAR LESBISK!

Dei hadde visst aldri problem med å fylle opp tribunene på den tida, og særleg stavsprang, okseriding, vasspolo og gjørmebryting var blant publikumsfavorittane.

Tre år etter Kyniska sin siger, såg keiser Theodosius seg nøydd til å avlyse heile leikane – nettopp på grunn av at dei hadde blitt så populære (les: autentiske).

Dei hadde ikkje meir tribunekapasitet, og det gjekk ut over tryggleiken.

Kanskje trudde arrangørande av London-OL at tevlingane i seg sjølv skulle motivere forretningsfolket med vip-billettane til å forsake sofaen til fordel for dyre tribunestolar og dokø. Folk trur så mangt.

Eg seier berre ein ting: Autensitet. Det er ikkje kynisk å lære av Kyniska.