Kniving i kulturtoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Røros stikk av med sigeren for tredje råd på rad i Norsk kulturindeks.

Røros er «gode på alt»
For å toppa indeksen må ein kommune scora høgt i ti utvalde kulturkategoriar: kunstnarar, kulturarbeidarar, museum, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskule og den kulturelle skulesekken, sentrale tildelingar og frivilligheit. Vinnarkommunen Røros gjer det jamt over svært godt, med eit lite unntak for bibliotek.

– Røros utmerkar seg som ein kommune med mykje aktivitet i lag og organisasjonar og mange kunstnarar. Røros har òg mange kulturtiltak som sentrale styresmakter finn støtteverdige, seier prosjektleiar for Norsk kulturindeks Bård Kleppe.

Årets indeks er utvida på fleire område, blant anna med den nye delindikatoren «vaksne aktive lånarar» i kategorien bibliotek. Dette styrkte Røros si plasseringa.

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

Sølvvinnar Bø god på kino
På andreplass i årets indeks finn me Bø kommune i Telemark.

– Bø er òg gode på det meste innanfor kultur, og gjer det best i kategorien kino. Bø kino kan skilte med eit breitt kinotilbod og godt kinobesøk, påpeikar Kleppe.

På dei neste plassane finn vi Nord-Aurdal, Ål og Lillehammer. Alle utmerkar seg ved å ha mange kulturarbeidsplassar.

– Byar og regionsenter scorar høgt på kulturindeksen. Me veit at dette er stadar kor det gjerne er eit breitt kulturtilbod og mykje aktivitet. Samstundes ser me at dei øvste plassane går til kommunar som har lange og sterke kulturtradisjonar, seier Kleppe.

Årets nykommar er Tynset
Alle store bykommunar ligg i toppsjiktet. Topp 20-lista er relativt stabil, men inneheld i år tre nye kommunar: Førde, Tinn og Tynset. Årets nykommar er Tynset. Tynset har klatra frå ein 56. plass til ein 20. plass.

Lebesby kommune i Finnmark er årets klatrar. Kommunen i nord har klatra 251 plassar frå fjoråret sitt botnplassering på 401. plass.

Sør-Trøndelag er i år som i fjor årets kulturfylke, medan Rørosregionen (Røros, Holtålen og Tydal) er årets kulturregion.

Les rapporten «Norsk kulturindeks 2014»!

Faktaboks

Kvart år tek Telemarksforsking tempen på norsk kulturliv ved å måla kulturbruk og kulturaktivitet i norske kommunar, fylke og regionar. Kor bur det flest kunstnarar? Kven har det mest omfattande kinotilbodet? Kor finn vi flest aktive boklånarar og kven har den største koraktiviteten? Dette, og mykje meir, freistar Norsk kulturindeks å svara på

Sjekk korleis kommunen din ligg an!