Hordland og Sogn og Fjordane blir eitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Hordaland røysta Arbeidarpartiet, KrF, Sp og MDG for heile intensjonsavtalen med Sogn og Fjordane, skriv  Bergens Tidende. Desse partia har 31 av 57 stemmer i fylkestinget.

Venstre stemte for dei fleste punkta, men ikkje eit punkt som handla om at Sogn og Fjordane får behalde kraftformuen sin.

Høgre og Frp ønskjer seg ein vestlandsregion der også Rogaland inngår og stemte derfor ikkje for avtalen med Sogn og Fjordane.

Vil byggje store regionar
– Det er beklageleg at fleirtalet  ikkje  valde å ta ein ny runde med Rogaland for å få til ein ny, slagkraftig vestlandsregion. Vi synest  ikkje denne avtalen er svaret på det, seier Nils Marton Aadland (H).

Standpunktet til regjeringspartia skaper reaksjonar.

– I regjering seier Høgre at dei vil byggje store regionar. Men så seier Høgre i Rogaland nei, og då seier Høgre i Hordaland også nei. Då kan dei  ikkje skulde på oss som lojalt følgjer opp det som Stortinget og regjeringa ønskjer, seier Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap).

Ventande ja i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane vedtok torsdag med 19 mot 12 stemmer å slå seg saman med Hordaland, men på visse vilkår.

Ein søknad om samanslåing med Hordaland frå 2020 er berre aktuell viss talet på fylke blir redusert til om lag ti og fylka får overført makt og oppgåver frå staten.

Elles vil fylkestinget halde fram som eige fylke også etter 2020.

Skal bruka nynorsk
Etter planen blir Bergen administrasjonssenteret i storfylket, mens Fylkesmannen skal liggje i Leikanger. Administrasjonsspråket skal vere nynorsk, har dei to partane vorte einige om.

Bergen får elles hand om kollektivtrafikken i fylket, mens næring og opplæring skal delast mellom dei to.

Sogn og Fjordane får ein eigen næringsadministrasjon som skal arbeide særleg med distrikta, og ei strategisk opplæringsavdeling som ta seg av dei vidaregåande skulane i distrikta.

Oppgåver og arbeidsplassar skal elles fordelast mellom dei to fylka.

Framtida.no har følgt debatten om Vestlandsregionen sidan i fjor sommar. Les alt om det her!