Hordaland + Sogn og Fjordane = Nynorsk

Nynorsk blir administrasjonsspråket i den nye, samenslegne Vestlandsregionen, melder NRK.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandsregionen vil bruka nynorsk

Hordaland og Sogn og Fjordane forhandlar no om å slå seg saman til ein ny Vestlandsregion. Måndag kveld melder NRK at dei to fylka, som i dag er nynorskfylke, har bestemt seg for at dei framleis skal vera nynorskfylke når dei slår seg saman.

Forhandlingspartane skal også ha blitt samde om at Fylkesmannen skal ha sete i Sogn og Fjordane, medan kollektivtrafikken skal styrast frå Bergen.

Les siste nytt i saka: Vestlandsregionen får namnet Vestlandet

Inntil nyleg var også språknøytrale Rogaland med i planane om Vestlandsregionen. I fjor haust skapte det mykje rabalder og stort engasjement då dei tre fylka ikkje blei samde om å velja nynorsk som administrasjonsspråk. Rogaland trekte seg til slutt frå planane.

Før Vestlandsregionen eventuelt blir røyndom, skal intensjonsavtalen til politisk handsaming i fylkestinget i Sogn og Fjordane 2. februar og i Hordaland 3. februar.

LES OGSÅ: Bokmålsforbundet skuldar Mållaget for svindel og juks etter høyringa om Vestlandsregionen