Her vinn nynorsken fram

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved utgangen av 2014 hadde 76.679 elevar i den norske grunnskulen nynorsk som hovudmål.

Det er ein nedgang på nesten 300 nynorskelevar samanlikna med året før, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

Men Florø barneskole går mot straumen, melder NRK Sogn og Fjordane.

På 80-talet var det omlag like mange bokmåls- og nynorskelevar på Florø barneskole. I dag har dei 92 prosent nynorskbrukarar.

Berre 44 av dei i alt 540 elevane har bokmål som hovudmål.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

Innvandrarar vel nynorsk
Rektor Øyvind Knapstad trur endringa delvis skuldast at arbeidsinnvandringa til kommunen i stor grad kjem frå nabokommunar der nynorsk er hovudmålforma.

På skulen kan foreldra fritt velje målform, men som i resten av landet krevst det minst ti elevar for å opprette ein parallellklasse med alternativ målform.

– Ein ser òg at foreldre med innvandrarbakgrunn no i større grad vel nynorsk for borna sine. Der dei for nokre år sidan nesten konsekvent valde bokmål, er det no like mange av dei som nyttar nynorsk. Ei anna forklaring kan vere at folk ser at ungane får mykje bokmål via media, så om dei får opplæring i nynorsk som grunnmål vil dei lettare tileigna seg bokmål som sidemål, fortel Knapstad til NRK.

Òg på Skram skole på Måløy er nynorsken på frammarsj.

– Det er 112 bokmålselevar, og 72 elevar som nyttar nynorsk ved skulen. Men berre på dei siste to åra, ser ein ei dreiing mot nynorsk. Der fleire og fleire foreldre vel nynorsk for ungane sine, seier rektor Stephan Lexau til NRK.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

– Bruk avlar bruk
Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø har følgt tendensen med meir nynorsk i kyststrøka i Sogn og Fjordane ei stund.

Parallelt med auken i nynorskelevar har ho sett at nynorsken har styrka seg elles i samfunnet – mellom anna media og næringsliv.

– Det beviser det målrørsla seier; at bruk avlar bruk. Det er ikkje uvesentleg kva målform kommunen, lokalavisa eller du og eg skriv. Når elevar og foreldre ser mykje nynorsk i ålmenta vert det eit sett på som ei normal og fullt brukande målform, seier Tennø på telefon til Framtida.

Majoritetsmakta
Mållagsleiaren peikar på at det er dei same prosessane som jobbar for nynorsken i Sogn og Fjordane, som jobbar imot den same målforma i meir sentrale strok – nemleg at fleirtalsmålforma vert styrkt i kraft av å vere majoritetsspråket. Det er vanskelegare å høyre til mindretalet.

– Det syner at desse strukturane kanskje er viktigare enn me somme tider trur, avsluttar Tennø.