Håpar å unngå høgskulefusjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil han unngå fusjon

På Høyden skriv at Universitet i Bergen arbeider med eit notat om kven dei kan tenkje seg å slå seg saman med på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) som ønskjer færre institusjonar innanfor høgare utdanning. Ifølgje rektor Per Hasle ved Høgskulen i Volda vil dei gå inn for ein føretaksmodell med avgrensa samarbeid og inga direkte samanslåing.

Modellen byggjer på UH-nett Vest, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund.

– Om vår modell er god nok for KD, eller om departementet berre forventar reine fusjonsplanar, veit vi enno ikkje, seier Hasle til På høyden.

Direktørane ved Universitetet i Bergen og Stavanger seier til nettavisa at føretaksmodellen er ei av fleire moglege løysingar. (©NPK)

LES OGSÅ: Fryktar sentralisering