≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Reklame, kroppspress

«Dei vil at vi skal hata oss sjølve, for å tena pengar på oss»

Bloggar «Cath in the City» oppmodar ungdommar til å vera kritisk til reklame.

Randi Bjørlo, Avisa Nordhordland
fredag 13. november 2015 11.07

«Dei vil at vi skal hata oss sjølve, for å tena pengar på oss» – Ikkje høyr på all reklamen som seier at du blir lukkeleg om du berre gjer sånn og sånn. Det er ikkje sant. Du er god nok som du er, seier bloggar Cathrine Heienberg, som oppmodar ungdomane om å begynna med sjølvskryt i staden.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Det er like viktig å vera fasadekritisk som kjeldekritisk. Dei syltynne modellane er ikkje ekte. Fotoshop har fiksa dei, seier Cathrine Heienberg (25), som driv bloggen «Cath in the City».

Den unge bloggaren har kjend skjønnheitstyranniet på kroppen, og utvikla eteforstyrring før ho kom til erkjenninga av at alle dei som på ulikt vis prøver å få oss til å endra oss, berre er ute etter å lura oss.

– Det er masse pengar i usikre menneske. Dei vil at vi skal hata oss sjølve, for å tena pengar på oss. Men ikkje lat dykk lura, seier ho.

Catharina Michelle (16) reagerer på kroppspress:– Moteindustrein er verstingar

Frå fotball til skjønnheit
Framfor eit fullsett samfunnshus med ungdomsskuleelevar frå Austrheim fortel ho om korleis ho endra seg frå å vera ei ivrig fotballjente på barneskulen, til å skifta fokus til alt som dreidde seg om skjønnheit då ho byrja på ungdomsskulen.

– Sjølve lukka i livet, trudde eg, seier Cathrine og legg til at ho synest det er ille at vi heilt frå vi som liten via eventyret om Askepott vert fortalt at eit vakkert ytre er svaret på lukka i livet.

– Det er heilt feil. Alle fordelane det vert reklamert med om vi berre gjer sånn og sånn, eksisterer ikkje. Du vert ikkje lukkelegare av å slanka deg syltynn. Du er god nok som du er. Du har ei unik skjønnheit inni deg som du mister når du ikkje er fornøgd, seier ho.

Cathrine Heienberg har skrive boka «Selvskryt – bli din egen heiagjeng»

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

– Skryt av deg sjølv
Hennar beste råd til ungdomane er å vera like snille med seg sjølve som ein er med vennane sine.

– Skryt av deg sjølv, til deg sjølv. Slutt med all sjølvmobbing. Trekk i staden fram alt det du likar med deg sjølv. Hei på deg sjølv, det er ingen som høyrer deg, seier ho og fortel at ho har brukt teknikken både i skulesamanheng og då ho reiste åleine til New York.

– Det er sykt deilig og ved å vera din eigen heiagjeng, vert det og lettare å heia på andre, seier bloggaren frå Bergen.

Ungdomane fekk med seg ei lang liste med argument for kvifor dei skal byrja med sjølvskryt. 

 

 

 

 


Oppdatert: fredag 13. november 2015 11.58
Kommentarar

«Dei vil at vi skal hata oss sjølve, for å tena pengar på oss»
Bloggar Cathrine Heienberg gav i år ut bok på forlaget Pantagruel.


Faktaboks

Konferansen om skjønnheitstyranniet onsdag var i regi av sanitetsforeiningane Hundvingrend, Lindås, Lindåsneset og Årås, og er eit ledd i Norske Kvinners Sanitetsforening sin kampanje «Lei av å bli lurt».

85 prosent av norske jenter opplever kroppspress

67 prosent av desse seier at reklame er hovudårsaka

Til no har over 20.000 skrive under Norske Kvinners Sanitetsforening sitt opprop for merking av retusjert reklame

Kjelde: NKS

 
ANNONSE: