– Dei går glipp av mykje spanande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er Årets bokmeldar

– Eg har ganske høg lesehastigheit, så brukar eg kvar ledige augneblink på å lese, svarar Eira Solstad, når Framtida.no spør korleis i all verda ho rekk å lese så mykje.

LES OGSÅ: Startar opp med lesegledarar

Juryen: Tenkjer sjølv
På eit halvt år har 15-åringen frå Dokka lese, meldt og trilla terning på 26 av dei 42 norske ungdomsbøkene som kom ut i 2014.

Solstad går i 10. klasse på Dokka ungdomsskule, som er med å kåra Uprisen – årets ungdomsbok 2014.

I går vart Eira Solstad den første mottakaren av prisen Årets bokmeldar frå Foreningen les!

– Meiningane hennar er sterke og personlege og ho har brukt heile skalaen – frå terningkast ein til seks. Det betyr at ho tenkjer sjølv, les Bjarte Bakken prosjektleiar for Uprisen opp frå juryen si grunngjeving.

Juryen, som består av tilsette i Foreningen !les og medlemmer av Norsk Kritikarlag, har òg merka seg at vinnaren ikkje alltid er einig med andre lesarar om kva bøker som er gode.

LES OGSÅ: Uprisen til Thomas Enger

Eiras favorittar
Tysdag skal ein jury velje ut dei nominerte til Uprisen på bakgrunn av tilsaman 1200 bokmeldingar frå 500 ungdomsskuleelevar landet over.

Solstad har ein klar favoritt blant bøkene ho har lese. Det er «Landet under isen. Dødeboka» av Lars Mæhle.

–Det er skikkeleg spanande fantasy. Eg har lest den første boka i serien og tykte det var spanande å lese fortsettinga. Det liknar ikkje på noko anna eg har lese før, meiner Solstad, som tipsar lesarane om å lese førsteboka før oppfølgjaren.

 (Sjå heile topp fem-lista til Eira i faktaboksen.)

15-åringen har alltid vore glad i å lese, men det tok for alvor av då ho oppdaga Harry Potter-bøkene i 5. – 6.-klasse.  Blant favorittane hennar er det mykje fantasy, òg den ivrige lesehesten veit godt kva ho vil ha i ei bok.

– Ei god bok har god flyt og fritt språk, gode skildringar og er fengande, gripande og spanande, meiner Solstad, som meiner det er mange fordelar med å lese.

LES OGSÅ: Vil sjå fleire lesande menn

Spenning og kjensler
Sjølv merkar ho at det betrar ordforrådet. I tillegg er det kjekt.

– Eg lev meg slik inn i det og vert ein del av eit univers med mange fine forteljingar, forklarar Solstad, som tykkjer at norske ungdommar burde lese meir.

 Dei går glipp av så utruleg mykje. All spenninga, alle kjenslene, det er kjempegøy, avsluttar årets bokmeldar.

 LES OGSÅ: Debutantar deler Uprisen

Faktaboks

Eira sine fem favorittar blant Upris-bøkene:

«Landet under isen. Dødeboka» av Lars Mæhle.

«Cafè Vespa» – Martina Gaux

«De som ikke finnes»  – Simon Stranger

«Kaoshjerte» – Lise Forfang Grimnes

«Råta. Odins barn» – Siri Pettersen