Bannlyser jente- og gutebøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjønnsspesifikke bøker nedverdigar alle barna våre. Difor vil ikkje Independent on Sunday melda noko som er marknadsført mot eitt av kjønna.

Det skreiv litteraturredaktør Katy Guest i ein artikkel på Independent no på sundag. Kommentaren kjem som eit svar på kampanjen Let Books Be Books, som oppmodar forlag til å droppa bøker som berre rettar seg mot gutar eller jenter.

Katy Guest meiner det er dårleg forleggeri å dela bøker inn etter kjønnslinjer.

– Til liks med andre boksuksessar for born, er ikkje Dødslekene retta mot jenter eller gutar. Som JK Rowling, Roald Dahl, Robert Muchamore og andre, skriv berre Collins gode historier, og lesarane kjøper millionar av bøker, skriv Guest.

LES OGSÅ:Gjev ut flest jentebøker

– Som å selja peanøtter til nøtteallergikarar
– Viss ein fyrst skal bannlysa noko, så er ikkje det det dummaste ein kan bannlysa. I alle fall er det heilt rett at dei ikkje lenger vil ta sånn litteratur på alvor, for dette er litteratur som ikkje tar lesaren på alvor, seier Ingelin Røssland, forfattar bak den prislønna Handgranateple og bøkene om Engel Winge.

– Det byrjar å bli ei stund sidan GGG- og GGP-bøkene i Noreg. Korleis står det til her til lands i dag, synest du?

– Sånn generelt så er ikkje jente- og gutebøker eit problem, viss ein ser bort i frå det hyperkommersielle. Noko som står i denne artikkelen på Independent, og som eg er einig med, er trenden med "bøker for gutar som ikkje vil lesa", dette har fått eit alt for stort fokus i Noreg også. Eg er drita lei bøker som blir marknadsført som medisin for uvillige gutar. Det er veldig diskriminerande og frekt mot gutar. Dette har fått halda på for lenge.

– Om boka di, Kirsebærsnø, så sa du at det var ei bok om ei kvinne for kvinner. Du har skrive at det er blitt ditt kall å skriva for jenter. Kvifor det?

– Det begynte faktisk med at alle skulle skriva for desse gutane som ikkje les, eg ville løfta fram jenter som les som ei like viktig gruppe å skriva for. Det er også noko svakt absurd å ha som mål å skriva bøker for dei som ikkje vil lesa, det er som å selja peanøtter til nøtteallergikarar. Ein veldig dårlig forretningsidé. Eg skriv kort og godt for dei som vil lesa, både jenter og gutar, kvinner og menn.

– Og smarte gutar (og menn), dei kan godt lesa bøker sjølv om det er ein kvinnelig hovudkarakter. Eg har stor tru på den mannlege intelligens og innlevingsevne.

Røssland seier ho er heldig og får veldig mange bra tilbakemeldingar både frå jenter og gutar.Ungdommane kommenterer ikkje kva kjønn hovudkarakterane har.

– Lærarar og anmeldarar har vel kommentert det. Det blir vel sett på som ei bra vinkling. Djupast sett bryr ikkje ungdommane sjølve seg så mykje om dette, mange gutar likar veldig godt Engel Winge, og eg hadde på ingen måte som mål å nå gutar som ikkje les. Likevel, så er det desse gutane som les om henne.

LES OGSÅ: Du kan kalla meg kvinne

– Stilig standpunkt
Petra J. Helgesen har bakgrunn som litteraturkritikar- og formidlar, men er no forlagsredaktør I Mangschou. Ho likar avgjersla til Independent.

– Det er eit bra og stilig standpunkt å ta, seier ho.

– Som kritikar og formidlar har det vore litt frustrerande å sjå bøker som så tydeleg er retta mot anten gutar eller jenter – noko som elles gjeld mange andre produkt. Men som redaktør så ser eg nødvendigheita av å gjera det. Det handlar om å signalisera kva boka handlar om for å finna lesarane, seier Helgesen.

I Mangschou prøver dei å finna bøker som appellerer til både gutar og jenter.

– Det skal ikkje stå utanpå boka at den er for jenter eller for gutar. Men når me skal selja dei, må me seia kven bøkene kan passa for – og då må me av og til seia dette er ei bok som passar jenter. Det er synd at det fungerer slik, men slik er det.

Helgesen likar standpunktet til Independent.

– Det er jo masse gutar som likar å lesa om kjærleik og masse jenter som les grøss, seier ho.

QUIZ: Prøv deg på den store bok-blir-film-quizen!

På tvers av målgruppene
Bjørn Ingvaldsen er leiar i Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU). Han synest det er trist om nokre aviser skulle slutta å melda barne- og ungdomsbøker som vender seg mot gutar eller jenter.

– Det er allereie veldig få barne- og ungdomsbøker som blir meldt i dag, så det ville vera leitt uansett om nokon ikkje skulle bli meldt, seier han.

Ingvaldsen ønskjer likevel ikkje at bøkene blir marknadsført berre for eitt kjønn. Sjølv om han ikkje ser at det er mange norske bøker som rettar seg berre mot eitt kjønn, meiner han det er blitt litt meir problem at ein tenkjer mykje i målgrupper no for tida.

– Har du døme på bøker som går i motsett retning?

– Bøkene til Maria Parr er ikkje typiske gutebøker. Vaffelhjarte ogTonje Glimmerdal har blitt godt mottatt og går rett heim både blant gutar og jenter. Pulverheksa er også ei bok som har gått heim både blant dei mindre gutane og jentene, seier han.

LES SISTE BOKNYTT HER!