≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Politikk, Kommunesamanslåing, Helge André Njåstad

Avviste kommunar skal få trøystepengar

NPK
tysdag 22. november 2016 15.46

Avviste kommunar skal få trøystepengar – Vi vil kompensere dei kommunane som har gått inn i kommunereforma med ein intensjon om å slå seg saman med nabokommunen, seier Helge André Njåstad (Frp). FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

Leiaren av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget vil kompensere dei rundt 30 kommunane som sa ja til samanslåing, men fekk nei frå naboane.

Det uttalte komitéleiar Helge André Njåstad (Frp) då han og André Skjelstad frå Venstre møtte ti ordførarar frå avviste kommunar, skriv Fjordenes Tidende.

– Vi vil kompensere dei kommunane som har gått inn i kommunereforma med ein intensjon om å slå seg saman med nabokommunen, forsikra Njåstad.

Målet med møtet var å diskutere økonomiske konsekvensar for kommunane som ser ut til å stå att aleine trass positivt vedtak om samanslåing.

– Møtet handla ikkje om, men korleis vi skal kompensere for kommunar som tapar pengar i det nye inntektssystemet, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) til Fjordenes Tidende.

Venstre har i sitt alternative statsbudsjett for 2017 føreslått 50 millionar kroner i godtgjering til dei avviste kommunane. (©NPK)


Oppdatert: onsdag 23. november 2016 13.08
Kommentarar



 
ANNONSE: