Arbeidsinnvandring får unge til å sky byggfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre unge vel byggfag

I takt med at polakkar og andre austeuropearar har strøymd inn i norsk byggjenæring, ønskjer stadig færre norske ungdommar å læra seg bygg- og anleggsfag, viser studien frå Institutt for samfunnsforskning, skriv fagbladet Magasinet.

– Frå 1995 til 2008 har arbeidsinnvandringa redusert delen som vel byggfag med 21 prosent. Det er ein stor effekt, seier seniorforskar Marianne Røed til Klassekampen.

LES OGSÅ: Vil ha nye og betre yrkesfag på vidaregåande

Stor konkurranse
Røed og kollegaene Idunn Brekke og Pål Schøne har sett på kor mange som søkjer seg til byggfagsutdanning etter ungdomsskulen, kor mange som fullfører dei to åra med skuleundervisning, og kor mange som får lærlingplass. Etter at dei også har samanlikna fylke med ulik arbeidsinnvandring, og sett om det er skilnad, er funna tydelege.

– Alle dei tre trinna i utdanningsløpet – søking, fråfall og lærlingplass – blir påverka av kor mange arbeidsinnvandrarar det er i arbeidsmarknaden der dei er, seier Røed.

Hypotesen til forskarane er at ungdom opplever at det er mindre vits å ta byggfagsutdanning, sidan det er så stor konkurranse om jobbane i bransjen.