«Arbeidarpartiet» er lov igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Arbeidar- partiet» er lov igjen

Sentralstyret i Arbeiderpartiet vedtok i går at partia i kommunane no kan velje om dei vil bruke Arbeidarpartiet eller Arbeiderpartiet. Men det offisielle namnet er framleis Arbeiderpartiet med e.

Som LNK.no skreiv sist veke har det vore litt forvirring knytt til kva form av partinamnet som er lov å bruke. Finnøy Ap ønskte å skrive «Arbeidarpartiet» på listene dei skal bruke ved valet til hausten. Det meiner dei er naturleg i ein nynorskkommune. Men partiet og lovverket seier nei. Arbeiderpartiet er eit eigennamn, og så lenge partiet sjølv vel å berre ha ei form, kan ein ikkje bruke den andre. Likevel viser søk på nett at namnet «Arbeidarpartiet» blir brukt mykje, både på regjeringen.no, stortinget.no og sågar på arbeiderpartiet.no.

I samband med at partiet no skal gå vekk frå namnet Det norske Arbeiderparti til berre Arbeiderpartiet har sentralstyret vedteke at kommunepartia og fylkespartia kan få velje om dei vil bruke nynorskversjonen eller bokmålsversjonen. Men på listene skal det framleis heite «Arbeiderpartiets liste». Det blir ikkje opna for ein nynorsk versjon av namnet på listene eller for partiet nasjonalt og internasjonalt. Der skal formene vere høvesvis «Arbeiderpartiet» og  «Det norske Arbeiderparti» eller «The Norwegian Labour Party», forklarar partiet i ein e-post til LNK.no.

LES SAKA PÅ LNK.NO!