– Vil tvinge fram storkommune i Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane vil, etter det NRK erfarer, tilrå at Leikanger kommune blir tvinga til å slå seg saman med Balestrand og Sogndal.

Torsdag skal Fylkesmannen komme med si tilråding til ny kommunestruktur i fylket, og det kan altså bety at folkeviljen i Leikanger blir overkøyrd, melder NRK.

61 prosent av innbyggjarane i Leikanger stemte mot å gå inn i ein storkommune, og kommunestyret har vedtatt at dei ville halde fram på eiga hand.

Korleis Hamre har resonnert blir ikkje klart før ho offentleggjer si tilråding til kommunalminister Jan Tore Sanner (H), men ho har tidlegare sagt at ein storkommune vil bidra til å halde på statlege arbeidsplassar.

NRK trekker også fram det at Leikanger og Sogndal er ein del av ein felles bustad- og arbeidsmarknad. Der inngår også Luster, men den kommunen skal ikkje vere ein del av forlaget frå Fylkesmannen til ny storkommune. (©NPK)