SU vil ha sexleketøy på pensum

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SU vil ha «kulare puling»

– Dagens seksualundervisning handlar for mykje om forplantningslære og hetro tilhøve, seier nestleiar Hilde Mari Bjørke i Sosialistisk ungdom (SU)  til Nettavisen.

Ho er glad for at landsstyret har sagt ja til at forslaget skal handsamast under landsmøtet, og seier at ungdomspartiet har fått mykje støtte for forslaget.

Fredag kveld vart det klart at forslaget ikkje vert SV-politikk.

LES OGSÅ: Klart for sex-veke på norske skular

– Viktig med sunt sexliv
«SV krev at alle menneske skal få nyte sin eigen seksualitet. Dei fleste har mykje sex i løpet av livet. Dårlege seksuelle røynsler kan vere skadeleg for livskvaliteten, medan god sex er bra for den einskilde og fører til betre samliv. Difor er det viktig med eit sunt og godt sexliv» skriv ungdomspartiet i forslaget.

SU meiner at dagens seksualundervisning ikkje handlar om det sex eigenleg er – nemleg nyting, lyst og intimitet.

«Unge lærer meir om seksuelle handlingar frå porno enn av opplyste vaksne, og får i beste fall urealistiske ideal for sex» meiner SU.

Hilde Mari Bjørke seier til Nettavisen at ho håpar at seksualundervisninga skal kunne gje spesielt jenter eit betre tilhøve til kroppen sin, og gje dei betre sjølvtillit og tryggleik på eigen seksualitet.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervising

Start i barnehagen
I forslaget ungdomspartiet inn for at SV skal krevja at seksualundervisinga startar allereie i barnehagen med grensesetting.

SU krev at seksualundervisinga blir gjort meir sexpositiv og omfattar sexstillingar, leiketøy, onani, fantasiar, eksperimentering og liknande, og bidreg til myteknusing.

Dei ønskjer at lærarar som ynskjer å halda seksualundervisning får jamleg kursing frå kvalifiserte aktørar og at alle skular får besøk av eksterne aktørar innan seksuell helse ein gong i året og at «seksualundervisinga legg opp til meir praktiske øvingar og gruppearbeid».

LES OGSÅ: Sex har aldri sett sånn ut før