Nynorskmann i bokmålsland
Vekas bloggar skifta til nynorsk som opportunistisk tenåring. Det hender likevel at det kjem nokre danske tweets.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Så moro! er Knut Sigurd Senumstad sin fyrste reaksjon når han får høyre at han er nominert til tittelen Verdas beste nynorske blogg.
I andre enden av telefonen reagerer journalisten på at mannen bak nynorskbloggen «Lett for meg å seie – Lettvinn synsing om bøker og filmar», slett ikkje har noko nynorsknær dialekt.
– Eg bur i Larvik, men skriv nynorsk. Det har eg gjort i 20 år no. Det starta som ei opportunistisk greie for å få betre norskkarakterar, men slik er det ikkje no lenger. Det er det beste skriftspråket og sidan eg ikkje skriv talemålsnært, vert eg tvungen til å tenkje meg om, forklarar 39-åringen.
LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg
Blogg framfor Facebook
Til dagleg jobbar Knut Sigurd som bibliotekar på Nøtterøy vidaregåande skule. Der trivst han som plomma i egget, eller som boka i fanget på ein engasjert lesar, om du vil. Han har rett og slett hamna på riktig (bok)hylle.
– Kvifor bloggar du?
– Eit sterkt utrykksbehov, svarar bibliotekaren først spøkefullt, men så finn han ut at det ikkje er så langt frå sanninga.
– Eg les mykje og høyrer mykje på plater, så eg tykkjer det er greitt å få formulert meg litt sjølv. Det er greiare enn ein status på Facebook eller eit innlegg på Goodreads. Det skjer på mine eigne premiss, forklarar Knut Sigurd, som skriv mest for min eigen del.
Han har vanskeleg for å sjå for seg andre plattformar som hadde eigna seg både for ein karakteranalyse av Sergeant Al Powell frå «Die Hard» (1988) og eit innlegg om dei tjue siste bøkene han sjølv har lese, som er det siste han har skrive.
LES OGSÅ: Boblande spåkentusiasme
Populære bokmålskurs
På kladdeblokka ligg det stort sett tre-fire innlegg, og bloggaren har lagt seg på ei linje med ei oppdatering i månaden, meir eller mindre.
Lesartala er ikkje dei heilt store, men bokmålskursa skil seg ut som særleg populære.
Her opplyser nynorskmannen bokmålsbrukarar om kva eit superlativ eigentleg er. (Det er ikkje synonymt med rosande ord, men rett og slett den sterkaste graden ein kan bøya adjektiv i. Det betyr at både vakrast og verst er superlativ, medan vakker ikkje er det.)
Vekas bloggar er rett og slett ein språksterk mann, som har erfaring både som lærar, reklamemann og har ein grad i filmvitskap i lomma.
Kanskje er sistnemnde grunnen til at han fyrst starta bloggen «Besøk i folkehjemmet», som eit forsøk på å kome seg gjennom bunkar med VHS-ar.
Av det lærte han at VHS ikkje er eit medium for framtida og at han burde gje seg sjølv friare taumar. Det er eit tips han kan gje vidare til andre bloggarar.
– Det eg lærte av mine feil var å gje meg sjølv spelerom, og ikkje vere for streng. Finn noko du bryr deg om og skriv om det. Det er viktigare å få ut det du vil ha enn å gjere andre glad, sjølv om det er morosamt med lesarar.
Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.
Dansk på dansk
Eit anna tips Framtida sjølvsagt må spørje om når me har ein slik lesehest på tråden, er kva som er dei beste bokutgjevingane for ungdom den siste tida.
– Eg likte godt boka med den uoriginale tittelen «Rød som blod» av Salla Simukka, svarar Knut Sigurd.
I tillegg til den finske ungdomsthrilleren nemner bibliotekaren årets Upris-vinnar «Den onde arven» av Thomas Enger.
«Den danske borgerkrigen 2018-2025» av Kaspar Colling Nielsen er eit godt tips for eldre ungdommar.
– Den kom ut i år og er ordentleg sprø, meiner ungdomsbibliotekaren.
Helst bør boka lesast på originalspråket.
Knut Sigurd les mykje dansk på dansk, som til dømes Bjarne B. Reuters Bertram-serie.
Det skuldast delvis at den danske nettbokhandelen Riider var tidleg ute med nettbøker som enkelt kunne sendast over til Kindle, men òg på grunn av målmannen sitt språkengasjement.
– Eg tykkjer det er noko tullball at me omset mellom dei skandinaviske språka. Det tek frå oss sjansen til å forstå einannan, seier Knut Sigurd, og legg til at dansk er meir enn «kamelåså».
Tips oss om gode nynorske bloggar her!
Nynorsk Motorpsycho
Òg når han twitrar om danske bøker føregår det på dansk. Han ivrar like mykje for emneknaggen fredagsbog, som den norske #bokfredag.
Det er ikkje så mange bloggarar som Knut Sigurd.
– Eg har ikkje funne nokon andre i bloggsfæren, som skriv om Motorpsycho på nynorsk, avsluttar vekas bloggar.
Faktaboks
Verdas beste nynorske blogg
• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.