Helle Thorning-Schmidt blir den 53. i rekkja

Socialdemokraternes leiar Helle Thorning-Schmidt blir historisk i Danmark, over 50 år etter at verda fekk sin første kvinneleg regjeringssjef.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helle Thorning- Schmidt blir den 53. i rekkja

Norden har hatt fire kvinnelege regjeringssjefar tidlegare. Noreg vert hugsa for Gro Harlem Brundtland, men også Finland har hatt to kvinnelege statsministrar og Island vert i dag styrt av Jóhanna Sigurdardóttir.

Når Thorning-Schmidt overtar statsministerposten i Danmark, er Sverige aleine igjen i Norden om aldri å ha slept ei kvinne til som regjeringssjef.

Sjølv om Danmark på mange område har vore rekna som eit føregangsland innan likestilling, blir både dei og dei andre nordiske landa for sinker å rekne når det kjem til kvinnelege regjeringssjefar. Helle Thorning-Schmidt er den 53. i rekkja og er ettertrykkjeleg slått av kvinner på alle kontinent.

Landsmødre
Den første kvinnelege regjeringssjefen i verda byrja i 1960, då Sirimavo Bandaranaike blei valt til statsminister i Ceylon, dagens Sri Lanka.

Sirimavo fekk status som landsmoder og styrte landet i tre periodar, først frå 1960 til 65, deretter i åra 1970 til 77 og til slutt frå 1994 til ho døydde i 2000.

Også land som Senegal, Rwanda, Burundi, Mosambik, Bangladesh, Sør-Korea, Haiti, Jamaica, Ukraina, Litauen, Moldova og Kroatia har hatt kvinnelege statsministrar, og dei fleste nikkar attkjennande til namn som Indira Gandhi (India), Golda Meir (Israel), Margaret Thatcher (Storbritannia) og Benazir Bhutto (Pakistan).

Første statsråd
Sjølv om danskane hamnar langt nede på lista over kvinnelege statsministrar, toppar dei ei anna liste:

Danmark var det første landet som fekk ein kvinneleg statsråd, noko som skjedde i 1924 då statsminister Thorvald Stauning gav Nina Bang posten som undervisningsminister. (©NPK)