ANNONSE
ANNONSE
Framsida Featured

Featured

Ketil Solvik-Olsen (Frp) om klimastreikarar: – Streik gjerne på fritida

– I næringslivet treng me fleire som har kunnskap, ikkje folk som sit med plakatar på dagtid og ikkje går på jobb eller skule, sa den tidlegare samferdsleministeren under debatten. Frp-politikar Ketil Solvik-Olsen åtvara både ordstyrar Una Pasovic frå Natur og Ungdom og dei andre partirepresentantane i debatten, om å skremme ungdomane som såg på. Sjå heile debatten her: – Streik gjerne...

Frå klimastreikar til stortingspolitikar: Kva står på din streikeplakat?

25. september er det duka for ein ny nasjonal skulestreik for klimaet, og grunna koronapandemien føregår streiken digitalt. Framtida.no har spurt arrangørane og stortingspolitikarane som skal delta i skulestreikarane sin partidebatt, om kva deira viktigaste klimasak er, og kva som skulle stått på deira streikeplakat: Marie Sneve Martinussen, nestleiar i Raudt: «Stopp all oljeleiting. Når? Nuh!» – Kva er den viktigaste klimasaka for...

Yrket mitt: Mats (31) er optikar

– Utdanninga kan vere tøff, men det viktigaste er ikkje å få dei beste karakterane, men å fullføra. Det skriv optikar Mats Marken Jacobsen i ein e-post til Framtida.no. Her kan du lese om fleire spanande yrke!  Godt førsteinntrykk 31-åringen var lenge usikker på kva han ville bli og var mellom anna innom arkitekt. Det var svogeren hans, som hadde kjent han...

Sofia (24) fekk ikkje celleprøve – eitt år etter fekk ho kreftdiagnosen

– Han sa berre namnet sitt, kor han ringte frå og så: «Du har kreft». Det var eit sjokk. Sofia Brustad-Johnsen minnast telefonen som kom 3. august i år. 24-åringen frå Engerdal sat i bilen på veg til ferie med familien og sambuaren.  Ho er for ung til å vere ein del av Livmorhalsprogrammet, der alle kvinner i alderen 25-69 år...

Nestleiar i Oslo KrFU: «Nesten straffefridom for valdtekt i Noreg»

Før KrFU sitt landsmøte sist helg sende eg og fylkeslaget mitt inn ein resolusjon om å innføre ei samtykkelov i Noreg. Den blei positivt møtt av mange, og vedteken av landsmøtet. No håpar eg vi kan få KrF til å gjere det same. 78 domfellingar i 2016 Kvar dag får i snitt tre personar i Noreg beskjed om at valdtektssaka dei har...

Raudt vil la elevar med studiespesialiserande ta «omvendt påbygg»

– Politikarar likar å seie at meisterbrev er like viktig som mastergrad, og då må ein ha politikk som speglar det, seier Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus til Framtida.no. Bekkhus har vore ungdomspartiet sin representant i komiteen som har arbeidd fram Raudt sitt forslag til nytt arbeidsprogram. I forslaget går partiet inn for omvendt påbygg. I dag kan elevar som vel...

Partiet Unge Pirater vil gi meir makt til folket med flytande demokrati

Er du ein av dei heldige som fekk stemma i stortingsvalet i 2017, men som no angrar som ein hund på partivalet ditt? 13. september 2021 er neste stortingsval. Det er nesten eit heilt år til. I mellomtida kan dei folkevalde gjera det dei vil med stemma di. Og angrar du på kva du stemte i lokalvalet i fjor haust?...

Då eg var 20: Sylfest Lomheim var ferieonkel i Bordeaux og drakk vin til lunsj kvar dag

Sogningen Sylfest Lomheim (75) er heile landets språknestor. Filologen har røkta språket som akademikar og forfattar, språkkonsulent i heile 14 år hjå NRK og som direktør for Språkrådet. Og kven kan vel gløyme då han fortalde om det norske språkets undergang i beste sendetid? https://youtu.be/eU9Lqcw2SNs Som 20-åring hadde han nyleg forlete heimstaden Hafslo for studenttilværet i Oslo: Klassereisa frå Sogn til Oslo – Kor var du...

Yrket mitt: Ida (28) er bioingeniør

– Veldig mange trur at bioingeniørar berre tek blodprøvar heile dagen og kallar oss ting som stikkedama, vampyr, labdama osb. Bioingeniør Ida Folvik Adem (28) kan stadfesta at dette slett ikkje er tilfelle. – Blodprøvar er berre ein del av det vi driv med og vi er flinke på å seie ifrå når nokon kjem med slike merknadar, skriv ho i ein e-post til...

I bokhylla: Tore Renberg tykkjer ikkje det er så stas å ha forfattarar på middag

– Forfattarar er ikkje eigentleg dei beste å ha til middag. Dei et og drikk mykje, dei fyller rommet, anten med grådig tagnad eller grådig støy, og dei har brystet fullt av gruff dei skal ha ut. Det svarar forfattar Tore Renberg på spørsmålet om kva forfattar han aller helst ville hatt på middagsbesøk. Selma Lagerlöf til middag Stavanger-forfattaren ville difor invitert ein...

Nesten vaksen: Kva er greia med husleigekontrakt?

I spalta Nesten vaksen går me gjennom ting me skulle ønske me lærte før me vart kasta ut i vaksenverda.  Du har endeleg fått tak i ein stad å bu, og kontrakta skal signerast. For du har fått kontrakt? Uansett, du står der med kontrakta i handa og lurer på kor den vesle skrifta er. Kva er fellene? Kva bør vera...

Sjokkert etter forslag om å legga ned musikklinjene i Vestland

I forslaget til ny økonomiplan for Vestland fylkeskommune kjem administrasjonen med eit forslag om å anten legga ned alle musikk-, dans- og dramalinjene i fylket, eller å legga ned to av fire slike linjer. Forslaget møter stor motstand. – Eg blir heilt sjokkert. Det er noko av det verste eg har høyrt, seier artist og tidlegare musikklinjeelev ved Stord vidaregåande, Hilde...

KrFU-usemje om stemmerettsalder: – Må setje grensa ein plass

– Stemmerett bør følgje myndigheitsalder. Ein må setje grensa ein plass og når ein er 18 år meiner samfunnet at ein kan ta vare på seg sjølv. Det seier første nestleiar i KrFU, Hadle Rasmus Bjuland. Han er leiar i programkomiteen som før landsmøtet har gått inn for å bevara stemmerettsalderen slik han er i dag. Han meiner det vert eit...

Sander (17) sit i rullestol – i 2022 skal han sykla USA på tvers

– Me prøver å få andre med ryggmargsbrokk eller funksjonshemming til å sjå moglegheitene, ikkje avgrensingane, seier Sander Andreassen. 17-åringen frå Hurdal har sett seg eit ekstremt mål. I 2022 planlegg han å sykle USA på tvers saman med far sin og kameraten Petter. – Det treng ikkje vere så ambisiøst, men kan dreie seg om små mål i kvardagen, understrekar...

Då eg var 20: Mads Hansen feira bursdagen som kommunist

Fram til 2018 var Mads Hansen (36) best kjend som fotballspelar på Mjøndalen, og gjennom VGTV-programmet Spårtsklubben.  Men ein månad etter han la fotballskoa på hylla debuterte Hansen som artist med låten Sommerkroppen. Låten vart i utgangspunktet laga fordi Hansen tapte eit veddemål, men den tok heile landet med storm – noko som synte att både i talet Spotify-avspelingar og YouTube-visningar. https://youtu.be/414rN5xBM5M Det heile toppa...

Mina (20) og Guro (21) har gått 200 kilometer over Finnmarksvidda

– På dag tre, med tunge sekkar og våteksem på eine hunden, det regna, bles og var tåke, og vi skulle over Finlands høgaste fjell, då tenkte begge litt «kva gjer vi?» fortel Mina Skjøthaug Karlstrøm (20) på telefon til Framtida.no. For tre veker sida la ho og venninna Guro Krempig (21) ut på ein 200 kilometer lang ekspedisjon frå Skibotn...

Den nye sygenerasjonen: Ingrid og Ingrid spreier sy- og gjenbruksglede på Instagram

– Det er veldig gøy å sjå at så mange har lyst til å læra å sy, seier Ingrid Bergtun (29) og Ingrid Vik Lysne (29), som på kort tid har hatt stor suksess med å læra bort sykunsten. På sosiale medium har dei over 250.000 følgjarar, og i sommar gav dei ut ei sybok som gjekk rett til topps...

I bokhylla: Debutant Gulraiz Sharif elskar Dostojevskij

Gulraiz Sharif (36) jobbar til dagleg som lærar, men debuterer no som forfattar med boka Hør her'a. Framtida.no sin meldar skriv at Sharif «bringar inn ei ny, uventa stemme som treff ei nerve», og seier det er ein debut som skil seg ut frå mengda. Vi har kika i bokhylla til forfattardebutanten: Kva bok ligg på nattbordet ditt? Det søte i bunnen av kaken. Kva...

Press om regjeringa si Moria-nyheit: – Latterleg lågt tal

– At regjeringa går ut same dag som det er blitt kjent at Moria har brunne ned og seier at ein skal hente 50 asylsøkjarar er tragikomisk, seier Lea Mariero, leiar i Press – Redd Barna Ungdom i ei pressemelding. Same dag som verda vakna opp til nyheitsbilete av storbrannen i flyktningleiren Moria på den greske øya Lesvos kom statsministeren...

Oda (21) sat heime og venta på koronasvar – fekk ikkje digital undervisning

– NTNU er veldig på at me skal følgje smittevernreglane, men om ein gjer det får ein ikkje noko att for det. Me går glipp av førelesingar, seier Oda Mo Eikefet. Tysdag for to veker sidan måtte trondheimsstudenten i karantene då ho hadde koronasymptom. Andreårsstudenten fekk raskt test, som viste seg å vere negativ, men i mellomtida måtte ho halde seg...

I bokhylla: Kari Anne Bye ville gått på fylla med Amalie Skram

– Kunne eg skrive kva som helst i heile verda ville eg helst ha vore ein barokk salmediktar, skriv Kari Anne Bye på e-post til Framtida.no. Når 37-åringen no bokdebuterer så er det likevel langt derifrå. Diktsamlinga Eg et før eg kjem handlar nemleg om dating og kjærleik i Tinder-tida. Les bokmeldinga her: Leikande, men djup om kjærleik i Tindertid Me har...

14-åringane Øyvor og Malin er polarrekruttar: – Det er ganske sjukt eigentleg

– Eg hugsar mamma hylte. Ho kunne ikkje tru det, fortel Øyvor Johanne Gjerde på telefon til Framtida.no. 14-åringen frå Tromsø mimrar tilbake til då ho fekk beskjed om at ho var vald ut til å verte Norsk Polarinstitutt sin nyaste polarrekrutt.   30 elevar konkurrerte om to plassar – Øyvor fekk den eine, og Malin Kvaal Bergland (14) den andre.  – Eg trudde først...

Natur og Ungdom om Høgre-program: «Eit bidrag til VM i ansvarsfråskriving»

Høgre sitt partiprogram illustrerer kvifor Noregs og verdas klimapolitikk ikkje er effektiv – det viser ingen tru på at verda skal klare omstillinga bort frå fossil energi.  I dag slapp Høgre utkast til deira partiprogram for 2021. Når det er ferdig blir det desse punkta partiet går til valg på.  Partia veit at dei må ha utsleppskutt som ei satsing for...

Stortingspresidenten: – Dagleg blir me minna på at demokratiet må forsvarast

Stortingspresidenten meiner den teknologiske utviklinga er det viktigaste som har påverka demokratiet dei siste åra. Informasjonsteknologien har gjort det lettare og billigare for alle å kommunisera til eit breitt publikum. Samtidig har det vakse fram svært mange ulike kommunikasjonskanalar på nett. – Det er positivt at fleire deltar i meiningsutvekslingar. Samtidig ser me at den offentlege samtalen har fått konkurranse av...

Tek eit oppgjer med rasisme i skulen: – Vi har vore den brune jenta i skulegarden

– Då rasismedebatten kom til Noreg innsåg eg at eg nesten tok det som ei sjølvfølgje å få kommentarar. Det er ein del av å sjå ut slik som eg gjer, fortel Sandra Abena Nøsen Opoku (23). Framtida.no pratar med ho, systera Theresa Elise (20) og Emma Effie Morrison Lund (21) på eit videomøte frå kvar sin krok i Trondheim...

Korleis debattera med nokon som ønsker deg død?

Du går ned ved sentrum i Bergen, du er muslim. På Bergen brygge står ein mann som snakkar for SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) med store høgtalarar og spreier hat. Dei fortel om kor forferdeleg islam er, og at alle muslimar bør deporterast. Men det går fint. Du skal la mannen få rope ut om kor mykje han hatar alt...

«Eit Finnmarks Pompeii – fiskeværet tyskarane brende, og han som kom seg unna»

Langt mot nord, på austsida av Nordkynhalvøya lengst ut i den lange Tanafjorden, ligg Finnkongkeila. Eller låg Finnkongkeila. Det merkverdig stadnamnet består. Men sit ein og granskar kartet, ser det ikkje ut til å finnast noko som helst her: Ikkje eit hus, ikkje ein vegstubb, berre ei lita vik der høgdekurvene ligg tett i tett ned mot fjorden. Kikar ein derimot...

«Sidan eg fekk mi første kofte har eg grua meg til å ta den på»

Teksten stod først publisert på Facebook, og er sett om og gjengjeven med løyve.  Bunaden har alltid vore så lett å ta på – eg har aldri hatt tvil om den. Den har liksom vore min tryggleik ved store hendingar som konfirmasjon og liknande. Kofta har vore mitt sårbare klesplagg. Heilt sidan eg for første gong tok den på. Sidan eg...

«Det er openbert at dagens lovgjeving ikkje fungerer – samtykkelov no»

I Innafor-episoden «Sex eller overgrep?» fortel Elsa Faleide om si erfaring med valdtekt, og ei lovgjeving som gjorde at politimeldinga hennar vart lagt vekk. Faleide er dessverre ikkje åleine om den erfaringa.  Det er anslått at berre 1/10 av kvinner melder valdtekta. I 2016 var det 1504 valdtekter som vart melde til politiet. Av desse vart 1028 etterforska. Av...

Yrket mitt: Stine Kamilla (28) er formann på fisketrålar

– Heilt sidan eg var lita har eg hatt lyst til å reise til sjøs, fortel Stine Kamilla Schjelderup Mathisen. Faren hennar eigde fiskebåt då ho var lita, så 28-åringen frå Fosnavåg i Møre og Romsdal har alltid hatt interessa for sjøliv og fiskeri. No arbeider ho som formann på ein fisketrålar. – Svarte det til forventningane? – Ja, eg synest det er heilt fantastisk...