Robin (17) er årets rollemodell i spelverda
Robin Garberg Hagen (17) får den aller første Ibelinprisen for sin innsats for andre.
Robin Garberg Hagen (17) frå spelfellesskapet Rubinen får den aller første Ibelinprisen, som vert delt ut av Medietilsynet.
– Det viktigaste for meg er at folk føler seg velkommen. Uansett kven dei er, skal dei veta at dei høyrer til her, sa Hagen i ei pressemelding då det vart klart at han var ein av dei tre finalistane.
Prisen går til ein spelar som gjer ein positiv forskjell i spelverda, og er kalla opp etter Mats «Ibelin» Steen, som er portrettert i dokumentaren Ibelin.
Prisen vert delt ut under Ungdom og fritids landskonferanse i Fredrikstad. Vinnaren får 50 000 kroner, som klubben kan bruka til aktivitetar og utstyr.
Fann sin plass
– Heile Rubinen har æra for dette. Eg kunne ikkje klart det åleine, så klart, sa ein stolt prisvinnar ifølgje Medietilsynet rett etter utdelinga.
Vinnaren speler Minecraft og er aktiv på Discord. Han er no ein viktig del av leiarteamet som held spelklubben Rubinen i gang.
17-åringen har òg utvikla eit føredrag om vennskap på nett saman med helsesjukepleiar, klubbleiar og grunnleggjar, Hanne Bratli Elseth.
– Rubinen er den første staden kor eg føler at eg fann min plass. Eg er ein forkjempar for at det er betre å møta folk i verkelegheita, men om det ikkje går, så må det finnast alternativ. Her fekk eg ansvar, og fekk vist at eg fekk til noko, forklarte 16-åringen i pressemeldinga før prisen var klar.
Hagen legg ned mange timar kvar veke på å oppdatera og utvikla spelserveren, men brukar òg mykje tid på at sine medspelarar skal ha det bra.
– Superkraft
Juryen meiner vinnaren gjennom eigne erfaringar viser korleis spel kan flytta ein frå utanforskap til å bli ein rollemodell og støttespelar.
Juryleiar Robert Steen, som er far til avdøde Mats «Ibelin» Steen, rosar vinnaren.
– Robin har ei superkraft – han gjer det meste ut av det livet han har. Dette er ein eigenskap svært få av oss har, men det var òg superkrafta til Ibelin. I tillegg har årets vinnar, òg til liks med Ibelin, funne den store verdien og gleda som ligg i å hjelpe andre, seier han i pressemeldinga.






