Me søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist med god, nynorsk språkføring.
Framtida

Framtida Junior søkjer etter ein journalist som kan bidra til å nå målet vårt om å auka og visa fram engasjementet til barn mellom 7 og 13 år.

Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet – og likar å snakka med barn.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar er òg positivt. Har du interesse for å skriva om barnebøker og redigera andre sine tekstar, så er det positivt.

Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling fram til september, og kan forlengast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida Junior, mobil 94875365

Søknadsfrist: 20. januar 2023

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no – og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.


OBS: Om du brenner for formidling av kvalitetsjournalistikk for unge i alderen 15-25 år har Framtida.no ei ledig stilling som fast journalist fulltid, ei vikarstilling som journalist frå 1. april og ut året, og to sommarjobbar som journalist. Les meir om stillingane her!

Delar av Framtida.no redaksjonen fotografert saman med gudfaren. Foto: Bente Kjøllesdal
Oppdatert: fredag 6. januar 2023 10.59
ANNONSE