Homoterapi er på veg vekk. Men motstanden mot praksisen bør ikkje avhenga av premissen om at homoterapi ikkje fungerer, for det er slett ikkje sikkert. Derimot bør kanskje heterofile ta plass på divanen.
Eirik Tangeraas Lygre

Dette er ein kronikk av Framtida-skribent Eirik Tangeraas Lygre, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar. Teksta var skriven før regjeringa presenterte sitt forslag om forbod mot konverteringsterapi, og før åtaket i Oslo 25. juni 2022.

I fjor blei det klart at den no avtroppa Solberg-regjeringa gjekk inn for aldersgrense på 16 år for homoterapi – eller konverteringsterapi, som det også blir kalla. Sidan har Støre-regjeringa signalisert at den vil gå endå lenger, og forby homoterapi fullt og heilt.

Med det synest ein lang debatt å gå mot slutten. Konklusjonen: homoterapi er gale, og fungerer heller ikkje. Ein kan rett og slett ikkje bli heterofil gjennom bønn og religiøs rettleiing.

Kan denne konklusjonen vera for skråsikker? I fleire tiår har LHBTIQ-rørsla med rette argumentert for større anerkjenning og respekt for alle som bryt med norma når det gjeld kjønn og seksuell orientering. Ofte har denne argumentasjonen tatt utgangspunkt i at LHBTIQ-folk er fødd slik, snarare enn at dei har blitt slik.

Blant LHBTIQ-folk er meiningane delte om dette. Også vitskapen er i tvende sinn, men somme funn kan tolkast i retning av at genetiske faktorar i alle fall dels påverkar orientering.

Kva om homoterapi fungerer?

Amia Srinivasan si mykje omtala bok «Retten til sex», som nyleg blei omsett til norsk, trekk «fødd sånn»-synet i tvil. For Srinivasan er seksuelt begjær politisk, og dermed foranderleg. Det betyr at samfunnet vi lever i påverkar kva for lyster og begjær vi har, snarare enn at alle våre begjær er biologisk bestemde frå fødsel av.

Det er ikkje dermed sagt at seksualitet og begjær er fullt og heilt bestemt av kva for miljø vi er del av, og faktorar som kva for porno vi konsumerer. Men det betyr at dette kan ha stor innverknad.

Ei ny studie publisert i tidsskriftet Nature viste til dømes at kvinner som blei eksponerte for seksualiserte og vakre bilete av overvektige menn over tid, etter kvart opplevde overvektige menn meir attraktive enn før.

Dette sår tvil ved premissen om at homoterapi ikkje fungerer. Kanskje er det mogleg å undertrykka eller til og med endra visse seksuelle preferansar gjennom homoterapi.

Skeive i eit miljø der berre heterofili er synleg og akseptert, vil ha vansker med å tolka sine begjær

Det verkar likevel usannsynleg at homoterapi kan fullt ut endra nokon si seksuelle orientering. Meir sannsynleg er det at skeive i eit miljø der berre heterofili er synleg og akseptert, vil ha vansker med å tolka sine begjær. Kanskje vil skeive av alle kjønn forsøka å vri sin preferansar og begjær i retning av det som er sosialt akseptert. Kanskje vil slike forsøk på å føya seg etter det heterofile fleirtalet langt på veg lukkast.

Det verkelege problemet med homoterapi

Men at det kanskje fungerer gjer på ingen måte homoterapi meir moralsk. Problemet med homoterapi var aldri at det ikkje fungerte, slik problemet med rasisme aldri har vore faktiske skilnader mellom folkeslag. Sjølv om rasistar skulle lukkast i å påvisa visse skilnader mellom folk, ville ikkje det gjort rasisme meir tillateleg, for desse skilnadane ville neppe vore av moralsk betyding.

Og sjølv om homoterapi lukkast i å avla fram heterofile på rekke og rad, ville ikkje det gjort homoterapi meir tillateleg.

Tilhengarar av homoterapi ser homofili som noko ein lyt kvitta seg med

Så kva er problemet? Problemet er at tilhengarar av homoterapi ser homofili som noko ein lyt kvitta seg med – terapi skal som kjend retta opp i ein uønskt tilstand. Det gjer ikkje saka betre om tilhengaren av homoterapi sjølv er homofil. Også kvinner kan vera anti-feministar.

Heteroterapi

Om begjær er politisk, gir det også meining å sjå heterofili som ein politisk institusjon. Og ved stadig å framstilla heterofili som det ønskelege og normale, kan resultatet bli at mange dekker over sine eigentlege begjær, at bifili forkler seg som heterofili, at – som Srinivasan spekulerer – kvinner som opplever begjær for andre kvinner mistolkar desse kjenslene som misunning.

Dermed blir homoterapi noko som ikkje berre går føre seg i religiøs samanheng, men som påverkar alle som lever i eit heteronormativt samfunn som idealiserer heterofili og rynker på nasen ved alt anna.

Men dersom seksuell orientering og preferansar dels er viljesstyrt, blir det med det same gjenstand for moralsk vurdering. Bør impliserer kan, slo opplysingsfilosofen Immanuel Kant fast: berre det som er innanfor ein aktør sitt handlingsrom, kan vera moralsk rett eller gale.

Det er ein framand tanke: kan det vera meir moralsk å vera homofil enn heterofil, lesbisk enn panfil? Kva skulle i så fall danna utgangspunktet for ei slik vurdering?

Politisk panfil?

Feministiske filosofar har i lang tid jobba med slike spørsmål. Under feminismens såkalla «andre bølgje» mellom 1960- og 1980-åra, vaks retninga politisk lesbianisme fram, som hevda at seksuell orientering var eit politisk val, og at kvinner aktivt burde velja å bli lesbiske som del av kampen mot kvinneundertrykking og mannssjåvinisme.

Andre har argumentert for at det mest moralske er å ha ei seksuell orientering som ikkje diskriminerer med omsyn til sosialt eller biologisk kjønn. Dermed kjem bifile og panfile (som blir tiltrekt av folk uavhengig av kjønn) godt ut.

Ved partnarval «diskriminerer vi av hjertens lyst» skreiv Morgenbladet-spaltist Kyrre Wathne i vinter, og meinte tilsynelatande at ein neppe kunne gjera stort med slike usympatiske preferansar. Rettsleg har Wathne sjølvsagt rett, men moralsk er saka ei ganske anna.

Divanen venter

For dersom vi kan noko for det, bør vi ikkje diskriminera folk i rullestol. Folk bør forsøka å meisla ut meir mangfaldige partnarkriterium, som ikkje diskriminerer overvektige, transfolk, folk med visse hudfargar eller folk med låg inntekt. Folk bør forsøka å skapa samsvar mellom verdiane som ligg til grunn for partnarval, og verdiane dei meiner bør vera styrande for samfunnet.

Dersom kroppspositivisme bør råda på samfunnsnivå, bør dette også forplanta seg hos kvar enkelt sine seksuelle preferansar. Som antirasist bør ein også sørgja for å ikkje utelukka visse folk frå sin eigen seksuelle portefølje, og unngå å fetisjere visse folkeslag.

I kva grad orientering og seksuelle preferansar er foranderlege og viljesstyrte er framleis kontroversielt. Og i kva grad desse er gjenstand for moralsk vurdering, avhenger av i kva grad dei lar seg endra.

Men om nokon skal i terapi, er det kanskje nettopp heterofile – minst vane av alle til å problematisera eigne begjær – sin tur til å slå seg ned på divanen og drive sjølvransaking.


Er kven vi har sex med og korleis vi har det eit resultat av porno, eller er vi i stand til å skilja mellom fantasi og røyndom? Mykje tyder på at vi i alle fall ikkje er upåverka av all pornoen som blir konsumert. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

LES OGSÅ

ANNONSE