Framtida.no søkjer ein journalist som er idérik og nyskapande og som brenn for å formidla nyhende enkelt, interessant og presist til barn og unge i alderen 11-19 år.  
mm

Framtida.no har fått innovasjonsstøtte frå Medietilsynet for å utvikla ei ny satsing som med eit enkelt nynorsk språk skal visa fram dei viktigaste nyhenda for barn, ungdom og nynorskbrukarar med minoritetsbakgrunn.

I «Kort forklart» skal lesarane få dei viktigaste nyhenda i løpet av ei veke innanfor politikk, økonomi, skule, jobb, miljø og kultur. Du vil presentera nyhenda på ein måte som vekkjer interesse og gjer det enkelt å forstå, gjennom bilete, illustrasjonar og grafiske element, i tillegg til nyheitsquizar. 

Arbeidet inneber òg desking og publisering på Framtida.no, Framtidajunior.no og i sosiale medium, der det er rom for å utvikle plattformene våre vidare.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel, men pedagogiske evner og kjennskap til målgruppa er òg positivt.

Me søkjer deg som: 

  • er idérik og har lyst å utforske nye måtar å formidla nyhende i eit enkelt format
  • har god journalistisk teft og klarar å oppsummera og formidla kompliserte bodskap enkelt og effektivt
  • forstår målgruppa og tilpassar form og innhald deretter
  • har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet
  • har god bilde- og videoforståing, meistrar grunnleggjande biletredigering 
  • er engasjert i sosiale medium og likar å prøva ut nye forteljarformer på ulike plattformer
  • har god og enkel nynorsk språkføring 

Varigheit: Prosjektstilling 1. september 2022-30. juni 2023 (moglegheit for forlenging)

Arbeidsstad: Oslo. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Andrea Rygg Nøttveit, redaktør Framtida.no. Telefon: 48140342

Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 22. mai 2022.

Søknad med cv og arbeidsprøver kan du senda til andrea(ALFAKRØLL)framtida.no

OM OSS: 

Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa i Noreg. Nyhende- og debattavisa for Framtida.no vart starta i 2010 og har i dag kring 70-140.000 brukarar i månaden. Framtida.no blir drive av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden og har kontor sentralt i Oslo. 

Framtida Junior kjem ut som papiravis kvar månad og kjem også i ei nettutgåve med kring 15.000 brukarar i månaden. Framtida Junior har i dag hovudkontor på Stord i Sunnhordland, og samarbeidar tett med Framtida.no.

Oppdatert: måndag 16. mai 2022 08.33
ANNONSE