Vil du leia arbeidet med å laga god, engasjerande og dagsordensetjande journalistikk for unge?
mm

Framtida.no søkjer etter ein engasjert og engasjerande redaktør som kan bidra til at den gode veksten vår held fram, og som brenn for målet vårt om å visa fram og auka engasjementet til unge og styrka nynorsk på nett.

Me søkjer deg som:

  • skriv, kommuniserer og samarbeider godt
  • er ein lagbyggar og har leiarerfaring
  • har solid redaksjonell bakgrunn og er stødig på presseetikk
  • er god på kva som skal til for å nå fleire unge lesarar i sosiale medium og oppdatert på kva som engasjerer unge lesarar
  • har god, nynorsk språkføring og kan gi konstruktive tilbakemeldingar på andre sine tekstar
  • har evne til å utvikla og gjennomføra større journalistiske prosjekt saman med dei andre i redaksjonen
  • har gode nettverk og lett for å knyta kontaktar
  • har gode analytiske evner og gjennomføringskraft

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på.

Arbeidsoppgåver:

  • overordna publisistisk ansvar
  • leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 14 og 25 år
  • ansvar for å utvikla journalistikken til Framtida.no ilag med redaksjonen
  • personalansvar og medarbeidarutvikling
  • ansvar for økonomien til redaksjonen

Spørsmål kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no og påtroppande dagleg leiar i LNK, telefon 94875365 – eller til klubbleiar Birgitte Vågnes Bakken, telefon 45279435.

Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 2. desember.

Søknad med cv, referansar og gjerne nokre arbeidsprøvar kan du senda til svein @ framtida.no

Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa for unge, og skriv om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 14 og 25 år. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 60-120.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor i eit kontorfellesskap midt i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i samarbeid med ABC Startsiden. Redaksjonen har seks medarbeidarar, inklusive to i Framtidajunior.no.

Oppdatert: onsdag 24. november 2021 14.03

LES OGSÅ

ANNONSE