Framtida.no søkjer etter ein idérik og engasjert nyheitsleiar som kan leia Oslo-kontoret vårt.
mm

Framtida.no søkjer etter ein nyheitsleiar som kan bidra til at den gode veksten vår held fram. Ønsker du meir ansvar og å utvikla deg som journalist og redaksjonell leiar, er dette ein god sjanse.

Me søkjer deg som vil laga god, engasjerande og dagsordensetjande journalistikk om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 14 og 25 år.

Me søkjer deg som:

  • er god på å samarbeida, knytar kontaktar og kommuniserer godt
  • er stødig på presseetikk
  • er god på kva som skal til for å nå fleire unge lesarar i sosiale medium og oppdatert på kva unge er engasjerte i
  • har god, nynorsk språkføring og kan gi konstruktive tilbakemeldingar på andre sine tekstar
  • har evne til å utvikla og gjennomføra større journalistiske prosjekt saman med dei andre i redaksjonen
  • meistrar foto, og gjerne video

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på.

Arbeidsoppgåver:

  • leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 14 og 25 år
  • ansvar for å utvikla journalistikken til Framtida.no ilag med redaksjonen
  • personalansvar for Oslo-redaksjonen

Spørsmål kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, telefon 94875365.

Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 28. april.

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no

Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa for unge. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 60-120.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor i eit kontorfellesskap i Møllergata midt i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden. Redaksjonen har fire medarbeidarar, i tillegg til to i Framtidajunior.no.

Oppdatert: sundag 18. april 2021 20.19
ANNONSE