Me søkjer etter idérik og kontaktskapande journalist med god, nynorsk språkføring til vikariat i 10 månader.
mm

Framtida.no søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist.

Me søkjer etter deg som:

  • har evne til å arbeida fram gode saker for unge mellom 15 og 25 år
  • er god til å skriva og formidla for unge gjennom tekst, bilde og sosiale media
  • er god på å samarbeida, har eit godt nettverk og arbeider sjølvstendig
  • har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
  • meistrar foto, og gjerne video
  • har god, nynorsk språkføring

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel, men kan òg bli kompensert for gjennom ein kombinasjon av relevant utdanning og samfunnsengasjement.

Arbeidsoppgåver: leita fram, skriva og formidla viktige nyhende og reportasjar for unge mellom 15 og 25 år.

Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling i 10 månader med oppstart i januar 2021.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no, 94875365

Søknadsfrist: 25. oktober

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no

Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og visa fram og styrka engasjementet til unge mellom 14-25 år. Bak Framtida.no står ABC Startsiden, Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK). Framtida.no har tre journalistar og redaktør, og deler kontor med Framtida Junior-redaksjonen i Oslo sentrum og på Stord. Framtida.no har opplevd ein stor vekst i lesartalet sidan starten i 2010, og har no kring 60-120.000 brukarar i månaden.

Les også: Sjå den redaksjonelle rapporten vår for 2019!

Oppdatert: onsdag 14. oktober 2020 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE