Det er på tide å kome seg opp av skyttargravene og høyre på ulike meiningar og argument, utan å med det same stemple motstandaren som kvinne- eller fosterfiendtleg.

I går tok eg meg sjølv i å ikkje våge å like eit nydeleg innlegg ei ung jente hadde skrive om veslebror sin som har Downs syndrom. For eg vil jo ikkje bli tatt for å vere ein av desse som kjempar for menneskeverd og mot eit sorteringssamfunn.

Eg er imot ei innskrenking av kvinners rett til sjølvbestemt abort, men er slett ikkje mot menneskeverd og for eit sorterringssamfunn.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Ungdomsparti vil fjerna nemndene

Det er på tide å kome seg opp av skyttargravene og høyre på ulike meiningar og argument, utan å med det same stemple motstandaren som kvinne- eller fosterfiendtleg.

Anten me likar det eller ei, så er diskusjonen igjen oppe og på forhandlingsbordet. Her må kanskje ungdomspartia med sine forslag om å utvide retten til fri abort frå veke 12 til veke 18, veke 22 og det mest omdiskuterte forslaget frå Unge Venstre-leiaren om fri abort til og med veke 24, ta litt av ansvaret.

Abort er ikkje ei kjempekul oppleving for den kvinna som må ta det valet

Ein kan vere einig om ein ting: Det er eit mål for samfunnet at det vert utført færrast mogleg abortar, for abort er ikkje ei kjempekul oppleving for den kvinna som må ta det valet.

Det er òg eit mål at det vert utført færrast mogleg seinabortar, då dette er eit meir omfattande inngrep og ei større belastning for kvinna.

I fjor fekk over 99 prosent av kvinnene som møtte opp i abortnemnd mellom veke 12 og 18 medhald. Berre 2 av 362 saker, som er rett over 0,5 prosent, vart avslått. Dette tyder på at ordninga i dag ikkje ser ut til å vere stort meir enn ei meirbelastning der kvinnene må forklare sin situasjon for å gje den endelege avgjerda over til nokon andre.

Les også: AUF: Fri abort til veke 18 einstemmig vedtatt

Vekk med «Downs-paragrafen»

Den mest omdiskuterte endringa i abortlova som står på KrF si ønskjeliste skal gjere det vanskelegare å få innvilga abort etter veke 12.

Dei vil ha endringar i paragraf 2c, som har vorte omtalt som «Downs-paragrafen». Denne omtalen har fått kritikk for å stemple ei enkelt gruppe og organisasjonen Menneskeverd har ovanfor NRK beklaga bruken og gått over til å bruka «sorteringsparagrafen».

I dag lyder paragrafen som følgjer:

«Etter utgangen av tolvte svangerskapsuke kan svangerskapsavbrudd skje når det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet».

Dei som vil ha ei endring i dette peikar mellom anna på at abort på bakgrunn av fosterets eigenskapar er diskriminerande og at ein allereie i paragraf 2b kan få abort etter veke 12 dersom «svangerskapet, fødselen eller omsorgen for barnet kan sette kvinnen i en vanskelig livssituasjon».

Les også: Meir enn to av tre seier nei til KrF sine krav til endringar i abortlova

«Betre hjelp til barn med store behov»

Ei av dei som tilbyr ei viktig stemme i debatten er forfattar Olaug Nilssen, som har skrive boka Tung tids tale om sine erfaringar med ein son med autisme.

– Eg er av dei som forstår at enkelte opplever paragraf 2c som diskriminerande. Eg er sjølv mor til eit sterkt funksjonshemma born og ville synest det var heilt forferdeleg om enkelte opplevde han som eit abortargument, sa ho til NRK under abortdemonstrasjonen på Torgallmenningen i Bergen laurdag.

Nilssen er likevel einig i dagens lovgjeving, og meiner eit viktigare tiltak mot sorteringssamfunnet er å gje familiar med sterkt hjelpetrengande born den hjelpa dei treng.

Dei gjekk under hovudparolen «Bedre hjelp til barn med store behov», med slagord som: «Betre BPA», «Betre pleipengeordning» og «Betre hjelp i skulen».

Som Arne Lein, forbundsleiar i Norges Handikapforbund seier så fint i ein kronikk i Dagbladet: «Kampen mot sorteringssamfunnet foregår ikke i livmoren».

Informasjon, framfor avgrensa tilbod

KrF ser nok at paragraf 2c står støtt, men har større håp om å få endringar i den norske praksisen med tvillingabort, eller fosterreduksjon som det eigentleg heiter. Her har dei ei sterkare sak sidan fosterreduksjon inneber kring 15 prosent høgare risiko for spontanabort av det gjenlevande fosteret. Dersom ein er gravid med fleire enn fire foster vert ein derimot rådd til fosterreduksjon, fordi risikoen for død eller alvorleg skade på fosteret i utgangspunktet er større.

Fosterreduksjon var ikkje i tankane til dei som utforma abortlova i 1978 og i dette spørsmålet er nordmenn anno 2018 splitta. Ifølgje ei spørjeundersøking publisert i avisa Vårt Land seier nesten éin av tre nordmenn nei til tvillingabort.

Les også: Færøyane har ei av Europas strengaste abortlover

Informasjon framfor innskrenking av val

I dag får ikkje norske kvinner tilbod om ultralyd før i veke 17, 18 eller 19, med mindre dei er over 38 år. Fleire fagpersonar tek til orde for å tilby tidleg ultralyd som eit tiltak som kan hindra seinabortar.

I Dagsnytt 18 på fredag seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke (H) at Høgre fryktar eit tilbod om tidleg ultralyd kan føra til eit press for å abortera vekk fosteret på bakgrunn av eigenskapar.

Dette er eit dårleg argument. Eg meiner svaret alltid er informasjon, framfor eit avgrensa tilbod og innskrenking av valmoglegheiter.

Les også: Tapte abortkampen i Argentina – manglar seksualundervisning i skulane

Viktig å lytte

Ein må kunne diskutere og lytte til kvarandre utan å gå i skyttargravene og ikkje ta høgde for for- og motforestillingane som er der ute.

Det viktigaste me har lært av denne debatten er kanskje frå dei kvinnene som no har teke på seg å fortelja om sine vurderingar knytt til fosterreduksjon og sitt møte med nemnder og seinabortar.

Abort kan framleis opplevast som stigmatiserande og er noko få pratar høgt om

Abort kan framleis opplevast som stigmatiserande og er noko få pratar høgt om. Det er ikkje lett å snakka offentleg om slike ting. Det er desse kvinnene, deira liv og deira born det handlar om.

Minst like viktige er erfaringane frå familiar som har eit alvorleg sjukt born.

Både det å få eit born og det å ta abort er eit personleg val, som kvinna ikkje skal måtte stå til rette for overfor nokon andre.

Samstundes må me kunne diskutera abortlova på lik linje som alle andre lover.

Ingen er tent med at med at me utan motførestillingar held fast ved 40 år gamle lover.

Oppdatert: tysdag 20. november 2018 18.10

Kommentarar

ANNONSE