Dobbeltmoral er betre enn ingen moral


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

– Dobbeltmoral er vel betre enn ingen moral. Når du hyklar, har du i alle fall anerkjent kva som er galt.

Sitatet stammar frå KrF-politikaren Tore Storehaug, som eg intervjua på Stortinget før jul. I intervjuet tok han til orde for å gjenreisa KrF sin anti-materialistiske verdiprofil i miljøpolitikken, med vekt på berekraftig forbruk og personleg ansvar. Han tok til og med den berykta «peikefingeren» i forsvar.

Men, måtte han innrømma: Han kunne ikkje snakka lenge om dette før han vart dobbeltmoralsk. Saman med kona hadde han til dømes tinga ein helgetur til Dublin «for å ha noko å sjå fram til».

Tore Storehaug på kontoret sitt på Stortinget.

Tore Storehaug på kontoret sitt på Stortinget. Foto: Runar B. Mæland

Politikarar som preikar om moral, men som sjølve ikkje lever opp sitt eige ideal, blir fort stempla som hyklarar. Storehaug snudde skjellsordet til noko positivt med eit sitat han han hadde høyrt frå ein kamerat: «Hykleri er eit stort sivilisasjonsprosjekt».

Utsegna er ei frisk motvekt til etikken som rådar i media, der det ofte synest som at dobbeltmoral er den einaste eigentlege synda. Ingen lear eit augebryn om ein Frp- eller Høgre-politikar reiser med fly eller dieseltaxi, men om ein MDG-politikar gjer det same, kan du banna på at nokon er klar med ei lekse om «liv og lære».

Underforstått: Det er ikkje forureininga du bidrar til som er klanderverdig. Det klanderverdige er at du ikkje klarer å unngå å bidra til problemet du sjølv peikar på.

Skurkar og heltar

Problemet med denne tenkjemåten er blitt godt forklart av filosofen David C. Vogt ved Universitetet i Bergen. I ein artikkel med den talande tittelen «Et forsvar for hykleren» i Norsk filosofisk tidsskrift har han indirekte gitt støtte til Tore Storehaug og kameraten hans.

Vogt introduserer oss for følgjande persongalleri:

  • Hyklaren, som moraliserer utan å halda sin eigen sti rein;
  • Asketen, som feiar for eiga dør utan å moralisera over andre;
  • Etikaren, som både moraliserer og lever opp til sin eigen standard;
  • Fornektaren, som verken bryr seg med å moralisera eller endra si eiga åtferd.

For å unngå ubøteleg skade på klimaet, er det klart at klimaskadeleg åtferd må reduserast så mykje som mogleg. Fornektaren bidrar ikkje på nokon måte til å løysa problemet; han er skurken i historia. Men kven er helten?

Problemet for etikaren er at ingen heilt kan unngå å bidra til klimagassutslepp: Berre det å vaska hendene forårsakar eit utslepp på mellom 3 og 20 gram CO2-ekvivalentar, i følgje Vogt. Etikaren står slik fram som riddaren i skinande rustning som ingen kan relatera seg til.

Asketen møter det same problemet. I tillegg kan han skuldast for å ha eit feilplassert fokus: Same kor mykje han feiar for døra si, blir ikkje heile byen rein så lenge andre ikkje bryr seg. Dei prisverdige individuelle handlingane hans er uansett ikkje tilstrekkjelege til å løysa eit kollektivt problem.

Klimakultur og moral

Hyklaren står att som den lurvete helten i Vogts historie. Han er den som veit at han ikkje klarer å halda stien sin rein, men som likevel vågar å peika på at andre sin sti er skiten. Til skilnad frå fornektaren erkjenner han at problemet gjeld både han sjølv og andre – men til skilnad frå asketen rettar han innsatsen sin mot fellesskapet og strukturane som pregar oss alle.

Vogt peikar på at moralisering, når det blir gjort på rett måte og i rett samanheng, kan vera med på å skapa ei samfunnsnorm som seier at det er rett å kutta ned på klimaskadeleg åtferd. Ellers som filosofen skriv:

«Moralisering kan bidra til å utvikle en klimakultur: en kollektiv bevissthet om klimaproblemets moralske imperativ, som så gir grunnlag for kollektiv handlekraft. Fravær av moralisering vil motsatt kunne bidra til en fornektelseskultur, der forbruk og vaner kan fortsette som før uten kritisk motstand.»

I lys av dette resonnementet er det betre å problematisera folk sine flyvanar samstundes som ein flyr sjølv, enn å slutta å fly utan å bry seg om at alle andre flyr som før. Å bidra til å flytta debatten og slik påverka haldningane til dei mange kan vera viktigare enn å syna seg fram som eit skinande eksempel.

Kor mykje bidrar du?

Sjølvsagt er det betre at den som moraliserer, òg prøver så godt han kan å leva opp til idealet og redusera si eiga klimaskadelege åtferd. Men plettfri åtferd kan ikkje vera eit vilkår for å engasjera seg i miljødebatten.

Det moralske ansvaret for å skapa ei leveleg framtid kviler på oss alle, uavhengig av kva slags haldningar kvar og ein av oss måtte ha. Difor er det ikkje hyklarane som er problemet i miljødebatten, men fornektarane. Eller som Vogt konkluderer:

«…vi bør slutte å bry oss om klimaforkjempere er hyklere, og i stedet rette følgende spørsmål til alle og enhver: Hvor mye bidrar du, både politisk og personlig, til å løse problemet?»

OPPDATERING: