Førarlause dronar med plass til passasjerar kan bli supereffektive ambulansar. Eit forskingsprosjekt ved NTNU har no som mål å utvikle ein ambulansedrone.
NPK-NTB
NPK-NTB

Førarlause dronar med plass til passasjerar kan bli verkelegheit innan få år. i Dubai blir det i dag testa taxi-dronar, i Noreg vil forskarar utvikle ambulansedronar.

Superraske

– Dronar vil gi betre moglegheit til å komme raskt fram til ein skadestad og frakte pasientane bort, seier professor Mohammad Derawi til Gemini.no. Han leier prosjektet ved NTNU i Gjøvik der ein ønsker å utvikle ein norsk ambulansedrone med plass til to passasjerar.

Ein drone kan ta med seg utstyr og medisinar til ein skadestad. Og altså ein lege som kan følgje ein pasient til sjukehus.

Derawi peikar på at ein drone har store fordelar framfor helikopter fordi dei kjem lett fram og kan lande på vanskeleg tilgjengelege stader. Dei er førarlause og blir fjernstyrte.

Eit supplement

Dronar kjem – i alle fall førebels – ikkje til å erstatte helikopter, men vere eit supplement.

Forskingsprosjektet er avhengig av pengar og søkjer både prosjektmiddel og investorar.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE