Den noregsaktuelle amerikanske komikaren Iliza Shlesinger blir no saksøkt for diskriminering – av ein mann.
NPK-NTB
NPK-NTB

Iliza Shlesinger inviterte nemleg til standupshowet «Girls Night with Iliza – No Boys Allowed» i Los Angeles 13. november, melder Deadline. Tittelen hindra ikkje saksøkjaren, George St. George, frå å kjøpe ein billett til seg og ein venn.

Då dei to vennene dukka opp for å hente billettane, fekk dei først beskjed om at dei fekk lov til å sjå showet dersom dei sette seg bakarst i salen. Når dei vende tilbake før showstart blei dei nekta tilgjenge – og i staden tilbydd pengane tilbake.

I sakspapira blir visstnok tilbodet om at dei kunne få sitte bakarst samanlikna med «Montgomery City Lines-busselskapet i Alabama, rundt 1955″ – ei tilvising til Rosa Parks-saka, sentral i historia til den amerikanske borgarrettskampen.

Ifølgje TMZ skal George St. George i dei same sakspapira utdjupe at det å forby menn er like avskyeleg som å ha «kaukasisk kveld» eller «heterofil kveld». Schlesinger, som kjem til Chat Noir i Oslo på sitt første noregsbesøk 10. april, har førebels ikkje kommentert søksmålet.

I juni gjekk ein mannleg jussprofessor til søksmål mot ein kino i Alamo, Texas, som køyrde ei «Wonder Woman»-filmvisningar berre for kvinner. Han mente det var ulovleg diskriminering. Kinoen måtte medgi at det braut med likestillingslovgivinga i byen, men saka er enno ikkje ferdig avgjort.

– Det er prinsippet. Eg er ein homofil mann, og har studert og undervist om rettane til homofile i årevis. Våre homsebarar har lenge vore klare på at du ikkje kan sjå bort frå folk fordi dei er homofile, streite eller transkjønna. Vi må akseptere kvinnelege utdrikkingslag. Dei er svært forstyrrande, men om du forbyr kvinner på ein homsebar er du på ville vegar. Det er diskriminering, sa Stephen Clark frå berømte Albany Law School til Washington Post.

(©NPK)

Oppdatert: torsdag 28. desember 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE