No som Robert Mugabe har gått av som president i Zimbabwe kan ein håpe vone at lingvistane får moglegheit til å fullføre arbeidet sitt med å få eit velfungerande skriftspråk i landet.
Kristoffer Bjørnøy Weaver
Kristoffer Bjørnøy Weaver
Skrivekonkurranse om språk og demokrati

Kristoffer Bjørnøy Weaver (18) ved Kristiansand katedralskole Gimle fekk andreplassen i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om språk og demokrati med dette innlegget.

Les intervju med vinnaren av skrivekonkurransen!

LES FAKTALUKK FAKTA

Den demokratiske styreforma er blitt stadig viktigare for dagens verdssamfunn. Folkemedverknad og ei fri presse blir sett på som sentrale område for å løyse utfordringar knytt til krig og konfliktar. Trass i dette får språket altfor lite merksemd i arbeidet med å fremje utvikling og demokrati. Zimbabwe er eit land som har store problem med både språket og det politiske systemet, noko som går hardt ut over levestandarden til befolkninga. Med over 14 minoritetsspråk har det vore eit skrikande behov for eit samla skriftspråk for ein solid akademisk og samfunnsmessig språkbruk. I arbeidet med dette har norske språkforskarar vore sentrale for å innhente språkdokumentasjon og lage standardar på grunnlag av situasjonen i landet. Og til grunn for alt dette arbeidet ligg Ivar Aasens engasjement for eit samla norsk skriftspråk med bakgrunn i dei norske dialektane.

Tidleg på 90-talet innleidde Universitet i Oslo eit samarbeid med Universitet i Zimbabwe. Med eit samansett språkbilde i det afrikanske landet har morsmålsarbeidet vore viktig for lingvistane som har delteke i prosjektet, og har bidratt til auka kunnskapar på både norsk og zimbabwisk side. Blant anna har ALLEX-prosjektet hjelpt befolkninga i Zimbabwe få språkreiskapar slik som ordbøker og andre verkemiddel, medan norske forskarar har brukt røynslene til sitt arbeid rundt Norsk Ordbok og handordbøker. Behovet for ein meir oversiktleg språksituasjon i Zimbabwe er openberr. Kolonibakgrunnen kjem til syne gjennom engelsken som fungerer som administrasjons- og undervisningsspråk samstundes som Shona og Ndebele er hovudspråka i landet. Fram til samarbeidet fanst det ingen eittspråksordbøker, men heller tospråksordbøker til og frå engelsk. Dette er til liten nytte for ei befolkning som har ein enormt stor språkvariasjon. I den gjeldande grunnlova er i tillegg alle minoritetsspråka offisielt godkjende språk, samstundes som universitetet er økonomisk og politisk pressa frå styresmaktane i landet. Med andre ord er det liten støtte frå regjeringa for å få ein velfungerande språksituasjon som legg til rette for ei betre framtid.

Kvifor er det så viktig med eit godt språkgrunnlag i land der styresmaktane ikkje speler på lag med akademikarane og befolkninga elles? Det er fordi språk og demokrati er to konsept som er nært knytt opp mot kvarandre. «Folk som ikkje får uttrykt seg med ord og argument i den offentlege samtalen, kan seiast å mangle ein synleg identitet og ei stemme. Dei blir usynlege – stundom så lenge at konfliktar og vald vert resultatet,» har hovudredaktør for Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik uttala. I USA har det blitt tydeleg kva for ei kritisk rolle den frie media speler i eit demokrati, og korleis dei tallause angrepa frå president Trump på media utfordrar dette. Og ein treng ikkje sjå lenger enn til dei store riksavisene her i Noreg for å sjå at faktasjekking og ei kritisk røyst har fått ein meir sentral plass i det moderne demokratiske samfunnet. Dette viser kor viktig det er med eit godt språkgrunnlag for å legge til rette for demokrati og gode levevilkår, men korleis kan ein gjøre det i eit land som Zimbabwe? Her kjem gode norske røynsler og Ivar Aasens banebrytande innsats inn. Dokumentasjon- og standardiseringsmetodar tufta på Aasens historie frå 1840-talet er uvurderlege både når norske lingvistar skal arbeidde med normeringsspørsmål og når Zimbabwe skal forsøkje å danne eit samlande og felles skriftspråk. Akkurat som Aasen var ein viktig del av den norske nasjonsbygginga og draumen om ein sjølvstendig nasjon, er Zimbabwes språkarbeid starten på ei lysare framtid og eit meir demokratisk samfunn.

Ivar Aasens arbeid er framleis i høgaste grad svært relevant for dagens samfunn. No som Robert Mugabe har gått av som president i Zimbabwe kan ein håpe vone at lingvistane får moglegheit til å fullføre arbeidet sitt med å få eit velfungerande skriftspråk. På den måten kan ein legge betre til rette for at den zimbabwiske befolkninga har ei betre framtid føre seg, med god hjelp av ein klok, norsk mann.

Kjelder:

http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2013/10/monsterbruk-av-norsk-malmal-i-zimbabwe.html

https://www.uniforum.uio.no/nyheter/2002/12/redder-morsmaalene-i-zimbabwe.html

http://www.edd.uio.no/allex/what%20is.html

https://snl.no/Ivar_Aasen

LES VINNARINNLEGGET HER!

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE