Ein person gjorde rom for ein spesiell song i hjarta mitt.
Mari Hansen
Mari Hansen

Eg skulle eigentleg skrive om favorittbandet og favorittsongen av dei. Men eg måtte endre meining. Ein person gjorde rom for ein spesiell song i hjarta mitt. Det rare med denne mannen, er at han ikkje er vidare musikkinteresseert.  For meg så handlar musikk om minner. Eg har ikkje berre ein song i hjarta, eg har fleire. Dans og latter til I wanna dance with somebody med Whitney Houston eller Främling med Carola på Rokken, Studenthuset i Volda. Det er minner om ei sorglaus tid, fjernt frå mammalivet med songar frå Karsten og Petra, eller Jul i Svingen. Sjølv om eg likar godt begge deler. Han som var med å bidrog til denne endringa i livssituasjonen, mannen i mitt liv, introduserte meg for to fantastiske artistar, Jennifer Warnes og Joe Cocker. Han slo på PC-en og sat på, Up where we belong. Lite visste eg kor mykje den songen kom til å bety for oss.

To ungar og 9 år etterpå, veit eg at me har klatra opp nokon fjell og møtt på hindringar, men kjærleiken er framleis veldig sterk.  Me har tatt eit steg i gongen. Kjærleiken har løfta oss opp, og me flyr framleis saman med ørnane. ( Where the eagels Cry)  I dag har eg hatt eit barn skrikande i sinne og det kunne nok lett samanliknast med eit ørneskrik. Men eg har lært at etter tårer kjem smil, og etter motgang kjem oftast medgang. Kall det gjerne klisjé, eg kallar det livet.

Då me gifta oss song dei «songen vår» i kyrkja. Det var så fint! Bandet var lokalt. I helga høyrte eg nokre av dei same musikarane –  frå det bandet som spela  og song i kyrkja den gongen. Eg har aldri høyrt vokalisten syngje den etterpå. Men kvar gong han syng, så tenkjer eg på den dagen og den songen.

Eg har ikkje anna val enn å hoppa opp av rullestolen og dansa. Dansa med mannen i mitt liv.

Om songen: Songen er skreve av Jack Nitzsche, Buffy Sainte-Marie, og Will Jennings. Den vart innspelt av Joe Cocker og Jennifer Warnes i 1982. Den var filmusikken til filmen, «Ein offiser og ein gentleman».

Les fleire tekstar i serien «Ein låt eg likar»!

 

 

Oppdatert: onsdag 27. desember 2017 10.58

Kommentarar

ANNONSE