Totalt 87.081 personar er no registrerte som heilt arbeidsledige eller på tiltak frå Nav. Det svarar til 3,1 prosent, ned frå 3,6 prosent på same tid i fjor.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Etter nokre år som vart prega av nedturen i oljebransjen, fall arbeidsløysa gjennom heile 2017. Bruttoarbeidsløysa har falle frå 3,6 prosent ved starten av året til 3,1 prosent ved utgangen av året. Nedgangen har dermed vore større enn vi venta ved førre årsskifte, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Talet på heilt arbeidslause i prosent, målt som del av arbeidsstyrken og justert for normale sesongvariasjonar, var i desember 2,5 prosent – omtrent det same som i november.

Dei sesongjusterte tala viser at det ved utgangen av desember var registrert 68.253 heilt arbeidsledige hos Nav, noko som er ein nedgang på 13.951 samanlikna med desember i fjor. Arbeidsløysa har dermed gått ned frå 3,0 prosent av arbeidsstyrken til 2,5 prosent. 55 prosent av dei heilt ledige fekk dagpengar i desember.

I desember var det i gjennomsnitt 770 personar som registrerte seg som arbeidssøkjarar hos Nav kvar virkedag. Dette er like mange som i november og nesten 300 færre enn i starten av 2016, då talet på nye arbeidssøkjarar var på sitt høgste.

Arbeidsminister Anniken Hauglie er nøgd med nedgangen i arbeidsløysa. Foto: Oslo Høgre

Fornøgd minister

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) meiner at utviklinga i 2017 er eit bevis på at politikken til regjeringa verkar.

– Regjeringa kjem til å halde trykket oppe for å bidra til å skape fleire jobbar i 2018. Noreg treng fleire hender i arbeid, seier ho i ein kommentar til tala.

Ujusterte tal frå Nav viser at arbeidsløysa gjekk ned eller var uendra for dei fleste yrkesgruppene den siste månaden, men auka for fire yrkesgrupper. Størst var nedgangen innan butikk- og salsarbeid. Den største arbeidsløyseauken finn vi i yrkesgruppa bygg og anlegg, følgt av helse, pleie og omsorg.

LES OGSÅ: Her er det flest unge som får NAV-pengar

Ned i alle fylke

Arbeidsløysa har gått ned i alle fylke i landet samanlikna med same periode i fjor, viser dei ujusterte tala. Størst har nedgangen vore i Rogaland med heile 31 prosent, følgt av Møre og Romsdal med ein nedgang på 23 prosent.

Trass i stor nedgang er Rogaland likevel det fylket i landet som har høgast arbeidsløyse – 3,2 prosent. Deretter følgjer Aust-Agder med ei arbeidsløyse på 3 prosent. Færrast ledige finn vi i Sogn og Fjordane, der berre 1,5 prosent av arbeidsstyrken er ledig. I Oppland og Troms er berre 1,6 prosent arbeidsledige.

Tala er godt i tråd med Noregs Banks forventning om eit gradvis fall i arbeidsløysa. Det er 13. månad på rad at talet på registrerte arbeidsledige fell.

(©NPK)

Kommentarar

ANNONSE