Budsjettkameratane gjekk i fjor inn for at 20 prosent av alt drivstoff som blir selt i 2020 skal vere biodrivstoff. Nye tal viser at målet allereie er nådd.
NPK-NTB
NPK-NTB

Høgre, Frp, Venstre og KrF vedtok i statsbudsjettet at biodrivstoffdelen skulle vere 10 prosent frå nyttår, opp frå 8 prosent i år og altså 20 prosent om ytterlegare to år. Norsk Drivkraft kan opplyse at 20-prosentmålet er overoppfylt allereie i år, skriv Dagsavisen.

– Førebelse tal frå Skattedirektoratet viser at for dei ni første månadane i 2017, har omsetnaden auka til 21 prosent av totalt omsett drivstoffvolum, opplyser generalsekretær Inger-Lise M. Nøstvik. Allereie i fjor utgjorde biodrivstoff 14 prosent, i eit år der det politiske målet var 5,5 prosent, fortel ho.

Statistikk frå Miljødirektoratet bekreftar veksten i biodrivstoff. I 2015 vart det omsett 188 millionar liter i Noreg. I 2016 vart det meir enn dobla til 423 millionar liter av eit totalt drivstoffsal på 4,2 milliardar liter.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at utsleppa av klimagassar frå vegtrafikken gjekk ned med 3,6 prosent frå 2015 til 2016.

Kommentarar

ANNONSE