Kulturrådet aukar neste år støtta til Foreningen! les med over 3,7 millionar kroner.

– Dette er rett og slett fantastiske nyheiter, seier dagleg leiar Silje Tretvoll i Foreningen! les.

Til saman får foreininga neste år 4,5 millionar kroner i støtte frå Kulturrådet mot 726.000 kroner i dag.

Tretvoll ser på auken som ein aksept for arbeidet foreininga har gjort gjennom 20 år.

– Dei siste åra har det vore ein auka etterspurnad og stor pågang rundt prosjekta våre, men vi har ikkje alltid hatt høve til å møta etterspurnaden. Vi har dessverre også måtta leggja ned sakprosasatsinga Faktafyk. Auken gjev oss fleire moglegheiter i det vidare arbeidet vårt, og vi er svært glade for at styresmaktene vil vera med å skapa trygge rammevilkår for oss, seier Tretvoll i ei pressemelding.

Den store påplussinga frå Kulturrådet kjem etter at Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget samrøystes vedtok ein merknad til statsbudsjettet om at Foreningen! les gjer eit viktig arbeid for å auka kompetansemåla til barn og unge når det gjeld lesing.

LES OGSÅ: Norske femteklassingar les nest best i Norden

Oppdatert: onsdag 20. desember 2017 12.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE