Når mor har tent alle lys og huset luktar ei blanding av gløgg og ribbe som er klar om berre femten minutt, og denne songen kjem på – då er jula akkurat slik ho skal vere.
Elise Tørring
Elise Tørring
Ein låt eg likar

«Det hev ei rosa sprunge»

Av: Trad., nynorsk tekst av Peter Hognestad

LES FAKTALUKK FAKTA

For meg handlar jula om mykje. Mat, familie, Jesus-barnet, høgtid, snø, tende lys, englar, nissar, kjærleik, gåver og tre. Alt dette finst det songar om. Julesongar. Det at det finst så mange av dei, og at nesten alle handlar om noko som er viktig for meg i denne høgtida, gjer det sjølvsagt vanskeleg å skulle finne den eine eg skal skrive om her. For det er utruleg mange andre eg gjerne ville ha skrive om au. Berre så det er sagt.

Den songen eg no endeleg har valt, er ein song som nesten fungerer som eit instagramfilter, berre utan Instagram. Du veit, det filteret der alt blir gyllent og varmt og akkurat passeleg mykje ute av fokus. Slik funkar denne songen for meg. Eg snakkar sjølvsagt om julesongen over alle julesongar: «Det hev ei rose sprunge».

Det første minnet eg har om denne songen er at det er pappa sin absolutte favorittjulesong. Kvar jul har han sunge denne songen med stor innleving i fortissimoversjon med eller utan sjølvironi. Det siste er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Lenge var denne songen berre akkurat dette minnet for meg, og eg trur eg kan seie med ganske stor sikkerheit at det same gjeld søskena mine. Men etter kvart har eg blitt kjend med denne songen på nye måtar. Og han er jo heilt slåande vakker.

Elise Tørring er nestleiar i Norsk Målungdom.
Elise Tørring er nestleiar i Norsk Målungdom. Foto: NMU

Det handlar om at utrulege ting kan skje, rett og slett

Opprinneleg er «Det hev ei rose sprunge» ei tysk folketone «Es ist ein Ros entsprungen» frå seint på 1500-talet.  Ho spreidde seg utover, og finst på mange språk. Mi personlege favorittomsetting er sjølvsagt den nynorske omsettinga til Peter Hognestad, som faktisk er meir vanleg enn bokmålsversjonen. I tillegg har den gammalengelske versjonen «Lo! How a Rose er Blooming» vakse seg inn i hjartet mitt dei siste to åra.

Kva er det eigentleg eg liker med denne songen då? Det er ikkje så lett å setje ord på, men eg skal prøve. For det første er teksten full av enkle, men verknadsfulle metaforar. Det handlar om at utrulege ting kan skje, rett og slett. At noko så vakkert som ei rose kan springe ut av ei simpel rot, og det attpåtil midt på vinteren! Me har metaforar om lys i mørkret og peikarar tilbake til dei profetiane om kva som skulle skje i jula.

For det andre fører melodien, nesten utan unnatak, alltid med seg høgtidsstemning utan at det blir fjernt. Melodien er relativt enkel, så alle som vil kan synge med, men han skrid likevel akkurat så sakte fram at roa alltid senkar seg.

For det tredje finst denne songen, eller salmen, i mange vakre versjonar, men sjølve kjerna i songen blir stort sett alltid tatt vare på. Anten det er Sølvguttene, Kvindelige Studenters Sangforening, Sting eller Mahalia Jackson som syng, om det er allsong i kyrkja, i heimen eller på skulen, blir det uansett skikkeleg julestemning når denne songen kjem.

Så, når mor har tent alle lys og huset luktar ei blanding av gløgg og ribbe som er klar om berre femten minutt, og denne songen kjem på – då er jula akkurat slik ho skal vere. Gyllen, varm og akkurat passeleg ute av fokus. Rett og slett akkurat som eit instagramfilter.

 

Oppdatert: sundag 24. desember 2017 09.49

Kommentarar

ANNONSE