Slik gjekk det då ein robot skulle skrive bok om Harry Potter.
mm

Eit samarbeid mellom ein robot og eit par kunstarar hjå det amerikanske selskapet Botnik enda opp med eit nytt bokkapittel frå J.K. Rowling sitt magiske univers.

Ifølgje The Guardian skal ein robot ha blitt mata med alle dei sju offisielle bøkene om Harry Potter. Basert på grammatikk, vokabular og sannsynet for at visse kombinasjonar av ord skal følgje kvarandre kom roboten fram til eit heilt nytt kapittel i boka med tittelen «Harry Potter og Portrettet Av Det Som Såg Ut Som Ein Stor Haug av Oske».

– Vi vil ikkje erstatte menneskeslekta med algoritmer. I staden vil vi finne naturlege måtar for menneske og maskinar å påverke kvarandre på for å lage noko som korkje mennesket eller maskinen kunne ha laga på eiga hand, skriv selskapet på heimesidene sine.

Her er eit lite utdrag frå «Harry Potter og Portrettet av det som såg ut som ein stor haug av oske», omsett til nynorsk:

 

«Ronny kasta ein tryllestav på Voldemort og alle applauderte. Ronny smilte. Ronny strakk seg mot tryllestaven sakte.

– Ronny er den kjekke, mumla Harry medan han motstridig strakk seg mot sin. Dei kasta ein trolldom eller to, og strålar av grønt ljos blei skoten ut av Dødsetarane sine hovud. Ronny krympa seg.

– Ikkje så kjekk no, tenkte Harry medan han dyppa Hermine i chilisaus. Dødsetarane var daude no, og Harry var meir svolten enn han nokon gong hadde vore.»

Resten av bok-kapittelet kan du lese på engelsk her!

Er du ekspert på Harry Potter? Prøv denne quizzen for dei som kan over gjennomsnittet mykje om magi-universet!

Oppdatert: fredag 15. desember 2017 15.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE