Det er ei låt som får meg til å gå av skaftet.

Denne songen får meg til å føle meg som ein sektleiar. Sjå føre deg at du er på fest med meg, litt seint på kvelden. Midt i rommet står ein stol, og ein heldig utvalt står på stolen med eit stearinlys i handa  som ein held over hovudet. Helst eit kubbelys. Rundt stolen går festen i ring og syng, og det kan nesten sjå ut som det er ei religiøs sekt som lovprisar personen og lyset. Vi syng «Se Ilden Lyse» for full hals.

Idéen om å danne ring fekk eg av min tidlegare kollega, Ingvild,  som igjen hadde lært det av ei som heitte Trine. Eg trudde lenge at eg var den einaste som vart fullstendig ør av denne majestetiske låta, men det viser seg at det er fleire enn meg. Og takk og lov for det.

Songen er aldeles perfekt! Teksta er til å bli varm i hjarterota av. Og melodien kunne jo ikkje vore betre. Du vil kanskje ikkje tru meg, men den fungerer som allsang også. Den går så høgt, og så ekstremt lyst mot slutten, men det er likevel heilt umogeleg å ikkje synge fint. Ein må berre ta i så hardt at ein kjenner drøvelen rangle bak i der, og om du syng med opne auge er du ein tosk, for då trur eg at auga kjem til å poppe ut på grunn av trykket.

Eg ser føre meg Sissel Kyrkjebø og OL på Lillehammer. Eg ser føre meg høge, kalde fjell og fjordar. Eg ser varmen frå flammane som sveiper seg som eit teppe over Noreg. Eg ser troll, og eg ser menneskje. Eg ser stjerner og reinsdyr. Eg ser kvitkledd furuskog. Og eg trur faktisk at eg ser ei hulder ved eit tjern, men eg er ikkje sikker på om det berre dukka opp no medan eg skriv.

Gå mot det lyset som flammer i nord
Gå til det landet hvor trollene bor
der hvor alle er venn
med vinteren

Fyrste verset er jo nydeleg i seg sjølv. Her får vi forklart at vi er i Noreg. Det iskalde landet der alle vi trolla bur. Det er kaldt og vi er tynnkledde, og vi treng varmen frå kvarandre.

Gå mot den fremtid du vet du kan få
Gå mot den himmel som drømmen kan nå
Gå den bratteste vei
Jeg går med deg

Gi meg glede når vi er sammen
Lån meg din hånd når jeg går meg vill
Hvis jeg fryser gir du meg varme
I din nærhet hører jeg til

Akkurat her i låta har eg lyst å fekte med armane og gjere meg klar til det heilt makalause refrenget som kjem, men eg må gå litt inn i den vakre teksta fyrst. Her syng Sissel om framtidsdraumane som ligg der framme og som du ein dag vil nå, sjølv om det er motbakkar og tunge steg. Takk og lov så har vi Sissel som går saman med deg. Vi leier kvarandre og vi varmar kvarandre.

Og så kjem det eg har venta så sjukt på.

Se ilden lyse over jord
Se jorden bli en stjerne fager og stor
som en snekrystall mot himlens blå
svever den drømmen vi lever på

Ja, kva skal eg seie? Hjartet mitt pumpar raskt som om eg har gått rundt i ring og sunge. No har dette nesten vorte litt religiøst, og eg kjenner at eg er redd meg sjølv.

Men skal eg finne ein form for moral i låta? Hmm… Songen kan jo vere ein metafor på all gleda og varmen vi menneska eingentleg har i oss. Om vi brukar det riktig kan vi ta vare på kvarandre og spre kjærleik til heile verda. – Jøsses, det har eg aldri tenkt på før.

Er det nokon som vil invitere meg på fest?

Oppdatert: måndag 18. desember 2017 09.16

Kommentarar

ANNONSE