Landbruksminister: – Dyr i Noreg skal ha det godt!
NPK-NTB
NPK-NTB

Mattilsynet skal få moglegheit til å omplassere dyr som er tatt i mellombels forvaring, mot viljen til eigaren, ifølgje eit lovendringsforslag frå regjeringa.

Samtidig blir det foreslått reglar om det ansvaret dyrehaldar har for kostnadar til avliving, og om utbetaling av salssum etter at kostnadar ved forvaringa og gjennomføringa av salet er trekt frå.

Jon Georg Dale (Frp) er landbruks- og matminister. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Lovendringsforslaget klargjer også at den forvaringa som skjer mens ein klage om sal, omplassering eller avliving blir behandla, også må reknast som ein del av den mellombelse forvaringa. Det betyr at dyrehaldar kan haldast ansvarleg for desse kostnadane.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) meiner reglane vil lette ressursbruken til Mattilsynet, som i dag legg ned ein del arbeid for å få eigar til å samtykke til eventuell omplassering.

– Dyr i Noreg skal ha det godt! Vi veit at det er folk som ønsker å overta ansvaret for dyr, der Mattilsynet har gripe inn og henta dyr hos eigarar som ikkje tar godt nok vare på det, utan at Mattilsynet har hatt høve til å overdra eigaransvaret, seier han.

Oppdatert: fredag 8. desember 2017 14.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE