Å lage bitcoin krev massive mengder med energi, men gjev liten nytteverdi tilbake, hevdar kritikarar.
mm

Bitcoin vart verdsett til over 15 000 amerikanske dollar i dag. Trass i dette er det vanskeleg å betale med bitcoin i dei fleste butikkar.

Det er faktisk slik at bitcoins ville ha vore mindre populært å investere i, som jo er det dei fleste brukar valutaen til nett no, om det var meir som ein vanleg valuta. I 2010 betalte «laszlo» 10 000 bitcoins for 2 store pizzaar. I dag ville desse vore verd over 20 millionar dollar. Kven vil handle bort slike potensielle framtidige verdiar i dag, når verdien steig frå 11 000 dollar for 9 dagar sidan til 15 000 i dag?

Bitcoin-analytikaren Alex de Vries rapporterer at det estimerte årlege energiforbruket gjekk frå 25 terawatt timar i november til 30 TWh i førre veke, noko som er på same nivå som heile Marokko og meir enn 19 individuelle europeiske land.

Dei fleste bitcoins vert «produsert» i land der prisen på straum er låg, og difor ofte òg er basert på fossile brenselkjelder, som saman med forureinande luft og vatn gjev utslipp av klimagassar som forårsakar klimaendringar.

Bitcoins delast ut til datamaskiner som stadfestar transaksjonar med ein algoritme som vert meir og meir kompleks over tid. I dei tidlege dagane til den digitale valutaen kunne du, med få datamaskiner og få transaksjonar, kjøpa bitcoins til to dollar, 17 kroner, heime på di eiga datamaskin.

No som bitcoin har ein global marknadsverdi på 7,4 milliardar dollar (60,2 milliardar kroner), krevst det titusenvis av datamaskiner for å produsera fleire bitcoins.

Vi har ikkje tid eller ressursar til å kasta bort på Bitcoin.

Nokre Bitcoin-entusiastar hevdar at det til slutt vil verta ein vanleg valuta, og at kryptosystemet som det vert bygd på kan hjelpa miljøet. Men det har vore hevda at vi berre har 32 år att med «vanlege» karbonutslepp, og deretter må vi raskt redusera bruken viss planeten vår framleis skal vera dugbar for vidare liv. Vi har ikkje tid eller ressursar til å kasta bort på Bitcoin. De Vries analyserte ei bitcoin-gruve i Kina som slapp ut karbondioksid i same takt som ein Boeing 747.

Andre avviser miljøsaka mot Bitcoin heilt. Allereie i 2013 kalla Tim Worstall argumentet «desperat», og avviste energibruket til valutaen på den tida som «heilt enkelt trivielt.»

– Bitcoin-produksjon vil på eit eller anna tidspunkt stoppa. Det er ei øvre grense for kor mange ein kan lage (om lag 21 millionar) … Dermed vil ikkje energiforbruket halda fram å stiga for alltid, hevda han.

Fire år seinare stig det enno. Og ifølgje de Vries er det ingen teikn på at det kjem til å stoppa helst snart.

Bitcoin vart populært fordi det kunne hjelpe alle

Bitcoin vart opphavleg sett som ein fordel for samfunnet; ein måte å eliminera mellommannen til føretaket (bankar) frå finansielle transaksjonar, og i staden bruka Bitcoin-fellesskapet («blokkjede», meir kjend som «blockchain») for å sikra gyldigheita til betalingar. Vi kan sende pengar kor som helst i verda over internett, og ingen kan stoppe, kontrollere eller skattleggje desse overføringane.

Om Bitcoin kunne utvikla seg til å verta det som var meint å vera – altså ein måte å fullføra daglege finansielle transaksjonar utan å involvere bankar – meiner mange at det har potensial til å gjera enormt gode ting for verda. Portia Burton, som driv blokkjedeforklaringsnettstaden Bits and Chains, spekulerer på at det kan brukast til å forhindra fælslege ting som slavearbeid i sjømatindustrien.

— Med blockchain vert alle transaksjonar identifisert og sendt til ein open bok der styresmakter, føretak og forbrukarar kan spora opphavet til sjømat, skreiv ho i januar.

— Leverandørar som ikkje identifiserer fisken, kan aktivt unngåast.

Energikrevjande og «skiten»

Kvar enkelt bitcoin-transaksjon brukar altså nesten 300 kilowatt elektrisitet. Det er, ifølgje The Guardian, nok til å koka kring 36 000 fulle kjelar vatn.

— Sjølv om valutaen berre eksisterer digitalt, er det å «lage» bitcoin ein energikrevende prosess. Årsaka er at han treng mykje prosessorkraft, som igjen krev store mengder elektrisitet. Di fleire bitcoins som vert laga blir matematikkproblema ein må løyse for å lage nye meir utfordrande. Dermed må datamaskiner jobba hardare – det vil seia, handsama meir informasjon – for å løysa problemet, hevdar miljøaktivisten Eric Holthaus.

— På berre nokre få månader frå no vil bitcoin trenga meir kraft enn det som er tilgjengeleg, og difor krevje nye energigjenvinningsanlegg. Og med klimakrav for å erstatta fossile brenselbasert energi med fornybare energikjelder, tyder nytt press på elektrisitetsnetta at fleire må bruka «skiten» teknologi. I juli 2019 vil bitcoin-nettverket krevja meir straum enn heile USA brukar i dag. I februar 2020 vil det bruka like mykje straum som heile verda gjer i dag, held Holthaus fram.

Det er allereie mange som er i gang med å reformera korleis bitcoin-nettverket handsamar transaksjonar, med voner om at det ein dag vil krevja mindre straum til å laga nye mynter. Nordmannen Johan Torås Halseth er eit døme på dette, han slutta i Google for å vere med i Lightning Rails, eit firma som jobbar med dette.

— Vi har testa teknologien på nettverket, og det fungerer. Om ikkje lang tid vil folk få sjansen til å prøve betaversjonen, men dette er i starten berre for dei mest dristige, seier Halseth til VG.

Men som med andre teknologiske framsteg som vatning i landbruket og utandørs LED-lys, kan òg meir effektive system for produksjon av bitcoin få til følgje at fleire tusen nye produsentar dukkar opp.

Oppdatert: tysdag 19. desember 2017 14.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE