Bussen til heimbygda Åheim tar heile tre timar, men Maria angrar ikkje på at ho flytta til Stranda - inn på sjølvaste skulen.
mm

Maria Hatlevik Borg (16) kjem frå Åheim, som ligg rett ved fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Bygda har berre 900 innbyggjarar og etter ungdomsskulen kunne ikkje Maria ta faga ho ønskte i nærleiken av heimen.

Då stod valet mellom å ta førsteåret i nabobygda Syvden for så å flytte etterpå, eller å bu på hybel i Ørsta eller Volda. Maria gjekk for eit tredje alternativ: Vestborg vidaregåande skule, ein internatskule i Stranda kommune.

— På ein internatskule bur du på skulen i eigne hus. Så får du servert mat i matsalen og du bur med alle dei du går på skule med. Det er kjekt, for alle blir fort kjende. Det er dessutan mange aktivitetar på kveldstid, fortel Maria.

Vestborg internatskule i Stranda kommune. Foto: Privat

— Mykje å tenkje på

Ho er så langt nøgd med å bu på internatskule framfor å flytte på hybel. På hybel må ein planlegge innkjøp og passa meir på økonomien.

— På internat får du ikkje alltid servert all maten du liker, men det er til stor hjelp. Du har faste måltid, gode rutinar og det er sosialt. Eg treng ikkje tenkje på middag og kan fokusere på leksene, seier Maria.

Ho understrekar likevel at det er mykje å tenkje på når ein flyttar heimefrå i så ung alder. For sjølv om ho ikkje treng å tenkje på mat, så må ho handle såpe og andre ting som trengst.

— Ein blir veldig sjølvstendig av å flytte så tidleg. Eg hadde aldri tenkt på alt dette når eg budde heime, då berre sat eg det på handlelista til mamma, ler ho.

Tre timar heim

Maria har, i tillegg til å bli meir bevisst på økonomi, ansvar for å komme seg opp kvar morgon. Det er ingen som vekker deg på internatskule.

— Men du får hjelp til andre ting, som du ikkje ville fått på hybel. Dersom eg er sjuk, kan internatleiaren skrive under på det. Det er vanskelegare å få til dersom du bur på hybel, seier ho.

Maria saknar stundom familien heime, men angrar ikkje på at ho flytta til Stranda. For å komme seg til heimbygda må ho ta ein buss som køyrer innom begge fylka. Turen tar rundt tre timar.

I tillegg må foreldra køyre i eit kvarter for å hente henne på busshaldeplassen.

— Det er uvanleg å flytte heimefrå når ein er 16 og det er absolutt eit sakn etter familien. Men vi kan jo ringe.

Sjå video frå skulen her:

Elevar må flytte

Hanne Bjertnes i Lånekassen oppgir at om lag 26.810 elevar i førre undervisingsår fekk bustipend frå Lånekassen.

Dersom avstanden mellom heimen og skulen er fire mil eller meir kvar veg, eller dersom reisetida er minst tre timar tur-retur, har du rett på bustipend – som er på 4359 kroner per månad.

Buss i ein time

På ungdomsskulen heime i Åheim var dei totalt elleve elevar i klassen til Maria. Ei av dei som gjekk der byrja på Herøy vidaregåande skule, avdeling Vanylven, i nabobygda Syvden.

— Det tar omkring 40 minutt, nokre gongar ein time, med buss til skulen. Om morgonen går bussen kvart over sju og om du mistar han, går neste om ein time, fortel Rebecka Bakkebø Holthe (16).

Rebecka må dessutan gå to kilometer til og frå bussen. Men ho klagar ikkje.

— Eg hadde lyst til å bu eit år til heime, men eg gler meg til å flytte på hybel neste år. Reisa går greitt, fordi vi er ein god gjeng som tar følge i lag, fortel ho.

— Mange køyrer traktor

Bussen tilbake til Åheim går i totida og kvart over fire. Då er Rebecka stort sett heime i femtida.

— Mange tar traktor- eller mopedlappen for å køyre sjølve, men eg ville spare pengar på å ta bussen, seier ho.

Korkje Rebecka eller Maria veit om dei vil flytte til Åheim etter at dei har studert det dei vil bli.

— Det er veldig fint i Åheim, så eg kunne tenkje meg det. Men det er mange som flyttar og som ikkje kjem tilbake.

— Eg kunne også tenke meg det, men berre dersom eg kan få ein jobb på heimplassen som passar med utdanninga eg tar. Det er ein del utfordringar med å bu på bygda. Det er lange avstandar og få bussavgangar, seier Maria, og held fram:

— Eg er glad i bygda mi, og synest det er dumt om folk føler dei må flytte frå gardar og generasjonsbustadar og til byen for å leve praktisk.

Oppdatert: måndag 27. november 2017 10.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE