Norske elevar er gode på å løyse problem saman, ifølgje nye Pisa-tal. Noreg plasserer seg over OECD-snittet, men det er skilnadar mellom jenter og gutar.
NPK-NTB
NPK-NTB

Pisas kunnskapstest er knytt til matematikk, lesing og vitskap. Men tala som vart lagt ut tysdag, er ein test på eit fjerde område – nemleg samarbeid mellom elevar.

Noreg får i alt 502 poeng, som er over OECD-gjennomsnittet, og hamnar på 19.-plass av totalt 51 land som er med i undersøkinga. Land som scorar høgt, er Japan, Sør-Korea, Singapore, Canada, Estland og Finland. Gjennomgåande blant alle landa er at jenter viser betre evne til å samarbeide enn gutar.

Mindre gap mellom jenter og gutar i Noreg

Noreg, som har lågare snittpoeng enn både Sverige og Finland, har eit mindre gap mellom gutar og jenter. Norske jenter får 518 poeng for samarbeidsevne, mens norske gutar får 487 poeng.

Samtidig er gapet mellom svenske jenter og gutar på 42 poeng, mens gapet mellom finske jenter og gutar er på heile 48 poeng.

LES OGSÅ: – Gruppearbeid er verst for kvinner

Ikkje sosiale forskjellar

Undersøkinga, som er gjennomført på 15-åringar, viser at det ikkje er forskjell mellom elevar frå ulike sosiale bakgrunnar eller mellom innvandrarar og ikkje-innvandrarar. Men skular og klassar med elevar frå ulike bakgrunnar gjer det betre.

Undersøkinga vart utført i 2015, i samband med kunnskapstesten, men tala om samarbeidsevnene til elevane er offentleggjort først no. Testen av samarbeidsevna vart utført på data. Elevane gjennomførte eit simulert gruppearbeid der dei jobba med virtuelle, datastyrte klassekameratar. (©NPK)

LES OGSÅ: Gruppearbeid er ein katastrofe

Kommentarar

ANNONSE