Fotgjengarfelt i 3D tar av på internett.
mm

I tettstaden Ísafjörður, heilt nordvest på Island, er eit heilt spesielt fotgjengarfelt i ferd med å bli verdskjent.

Mediemerksemda har vore heilt vill, og langt meir enn me trudde. Me var ganske sikre på at nokre islandske medium ville dekka dette, men ikkje over heile verda, seier Gautur Ívar Halldórsson, direktør i det islandske selskapet Vegamálun GÍH til Framtida.no.

Ifølgje Visir.is er målet med fotgjengarfeltet å få bilane til å setja ned farten for å gjera det tryggare for fotgjengarane. Gautur Ívar Halldórsson fortel at ideen kjem frå India, der ein har måla eit liknande fotgjengarfelt i hovudstaden New Delhi.

Halldórsson tar gjerne fleire oppdrag for å gjera vegane tryggare:

– Det ville vera fint å koma til Noreg og mala slike stiar, seier han til Framtida.no.

QUIZ: Test deg sjølv! Kor mykje islandsk forstår du?

Sjå video av fotgjengarfeltet her:

Følg Framtida.no på Facebook!

Oppdatert: onsdag 4. oktober 2017 12.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE