Sjekk ut desse vakre musikkvideoane med teiknspråk.

– Teiknspråk er så fint saman med musikk. Det liknar ikkje på noko anna, så det er berre å anbefala alle å dykka ned i den verda, sa Ravi då han i desember fortalte om teiknspråkprosjektet sitt på PechaKutchaNight.

Ravi har latt seg inspirera av ei amerikansk trend med musikkvideoar på teiknspråk.

TEST DEG SJØLV: Forstår du teiknspråk?

«Å» på teiknspråk
Musikkvideoen til låta «Å», som kom ut i mars i år, er ein av dei første av sitt slag i Noreg.  I videoen bruker både skodespelarane og Ravi sjølv teiknspråk – i tillegg til musikken. Filmen, som er regissert av Erlend Westnes, er laga med støtte frå Norges Døveforbund.

Leiar i Noregs Døveforbund, Bjørn Kristiansen, merkar ei auka interesse for teiknspråksong og viser til USA, der musikkvideoar for døve har vorte stort.

– Eg trur at i tida framover vil me sjå meir av musikkvideoar for døve. Dette er svært positivt, fordi det bidreg til å synleggjera norsk teiknspråk og avmytifisere at døve er ei sær lita gruppe, som er avskore frå samfunnet. For slike myter finst.

Sia syng med hendene
Allereie i 2008 slapp popstjerna Sia musikkvideoen «Soon We’ll be Found», der ho sjølv framfører låta på amerikansk teiknspråk:

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk

«A-team»
Ed Sheeran, som står bak megahitten «A-team», er ein annan populær artist som har brukt teiknspråk. I den offisielle videoen til låta «You Need Me, I Don’t Need You» ser ein skodespelaren Matthew Morgan, som sjølv er høyrande og har lært teiknspråk gjennom oppveksten med to døve foreldre.

McCartney, Portman og Depp
Ein annan storheit, som har nytta teiknspråk for å gje musikken ein ny dimensjon, er Paul McCartney. Med seg på laget har han ingen ringare enn Natalie Portman og Johnny Depp.

«Happy»-trend
Musikkvideoen til Pharell Williams si muntre låt «Happy», som har over 1,5 millionar visningar, er laga av elevar og lærar ved ein døveleir i USA.

Rosa Lee Timm, som dukkar opp heilt i byrjinga av videoen er ein av favorittartistane til rektor ved Ål folkehøyskole og kurssenter for døve, som startar opp Noregs første teiknspråksonglinje frå hausten av.

D-PAN
Det er umogleg å ikkje la seg sjarmera av D-PAN sin versjon av «We’re Gonna be Friends» av The White Stripes. D-PAN (The Deaf Professionals Arts Network) har spesialisert seg på musikkvideoar på amerikansk teiknspråk. Sjå fleire musikkvideoar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE