Dei reiste i 24 dagar gjennom 13 land.

Frank Waal/Ryfylke.net
Frank Waal/Ryfylke.net

I ein fullstappa båt over Middelhavet frykta familien for sine liv. Etter ei 24 dagars reise gjennom 13 land er dei nå i Sauda.

Denne saka stod først på trykk i Ryfylke.

For to veker sidan kom den afghanske familien på seks til Sauda. Då dei bestemte seg for å flykte frå Afghanistan skulle det ta 24 døgn før dei nådde Norge. Den mest dramatiske etappen var over Middelhavet.

Frykta Taliban
Frykta for Taliban oppgir familien som årsaka til at dei flykta frå Afghanistan.

– Taliban drepte onkelen min og 20 andre personar. Etter kvart begynte Taliban å presse oss for pengar og truge med å drepe oss, seier 13 år gamle Hamim Ihrari.

LES OGSÅ: Ville du husa ein flyktning

Han fungerer som familiens tolk når dei snakkar med Ryfylke. Han snakker svært godt engelsk, men har aldri lært engelsk på skulen.

– Eg såg amerikanske filmar på tv. Mi mor meinte det kunne vere nyttig at eg lærte engelsk. Eg begynte å øve på eiga hand, pugga verb og øvde på uttalen gjennom å sjå filmar, seier 13-åringen, som i tillegg snakkar fem andre språk.

Også den elleve år gamle søstera hans har opparbeida seg gode engelskkunnskapar.

Dei to yngste søskena hans er to og fem år gamle.

Stuva saman folk i båten
I Tyrkia betalte familien for å bli frakta over Middelhavet i ein ni meter lang, open båt.

– Me blei lova at det ikkje skulle vere meir enn 25 personar ombord i båten. Dei stuva omlag 50 vaksne og nær 25 barn i båten. Me frykta me skulle døy under båtturen. Både vaksne og barn gråt. Alle saman, seier Hamim.

LES OGSÅ: Han drøymde om eit verdig liv

Dei kom fram i live til ei gresk øy. Deretter starta ein strabasiøs tur frå den greske øya og gjennom ti nye land før dei nådde Norge.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE