Gjer inntrykk korleis Noreg blir framstilt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som har gjort mest inntrykk hittil er måten fleire har framstilt Noreg på i forhandlingsprosessen. Noreg fekk blant anna Dagens fossil-prisen, på grunn av ein veldig slepphendt handtering av menneskerettane si plassering i klimaavtalen, seier Marius Støylen Korsnes frå Kvamsøy i Sande.

– På eitt debattmøte vart også Noreg kritisert for å bli styrt av store selskap slik som Yara, som produserer kunstgjødsel, som kan vere viktige for såkalla «Climate Smart Farming».

Ta den store klimaquizen!

Har tru på Kina
Seint fredag kveld kom Korsnes fram til klimatoppmøtet i Paris etter to dagar på tog.

Han har brukt dei siste fem åra på å fordjupe seg i fornybar energi, og leverte doktorgraden om fornybar energi i Kina rett før han sette kursen mot Paris.

Ved sida av jobben på NTNU i Trondheim, er han også aktiv i organisasjonen Spire, og reiser til Paris for å vere med å syne kor viktig det er med ein solid klimaavtale.

– Ein god klimaavtale er ein avtale som får med dei store viktige landa, som USA og Kina, seier han.

Gjennom arbeidet med doktorgraden har han fått god kjennskap til Kina, eit land han meiner har fått eit ufortent dårleg klimarykte.

– Under forhandlingane i København i 2009 vart dei den store skurken, og dei øydela til dels forhandlingsprosessen. Eg trur det handla om at Kina ikkje vart teke på alvor, men forsøkt tvinga inn i ei rolle dei ikkje ville ta.

Vanlegvis har Kina vore lite interessert i å binde seg til internasjonale avtalar, og heller føretrekt avtalar med enkeltland. No er stemninga annleis, ifølgje NTNU-forskaren.

– Denne gongen er dei meir ambisiøse og eg trur det er gode moglegheiter for ein avtale. I København møtte ingen statsleiarar frå Kina. Denne gongen kom president Xi Jinping til opninga av forhandlingane. Det er eit godt teikn, seier han.

LES OGSÅ: Fagungdom meiner Noreg er bakstreversk


Helle og Mette frå Spire er også i Paris, og symboliserte einheit i klimaparaden laurdag.

Flinke på heimebane
I staden for å utnemne Kina til skurk, bør ein sjå moglegheitene som ligg i det store landet. Ifølgje sosiologen er Kina ambisiøse på heimebane, sjølv om utfordringane er store i verdas mest folkerike land.

– Landet har store utslepp knytt til kolproduksjon, som står for kring 80 prosent av staumproduksjonen. Innan 2020 skal femten prosent til av den totale energibruken kome frå nye fornybare kjelder, som sol, vind og bioenergi, forklarar Marius Støylen Korsnes.

Landet vil også bruke kjernekraft for å nå målsetjinga. Denne energikjelda har lite CO2-utslepp, men mange er kritiske grunna spørsmål nytt til tryggleik og miljø.  

– Ein annan viktig trend er at det i Kina no også er snakk om ein ny normal for økonomisk vekt, som er lågare enn veksten dei siste åra. Klima og miljø står dessutan høgt på den politiske agendaen i landet. Då vert bodskapen om at ein skal ha eit reint og sunt samfunn del av propagandamaskineriet til den kinesiske stat, og medvitet aukar, forklarar Marius Støylen Korsnes.

Han peikar på at kommunistpartiet i Kina er opptekne av å gjere noko med den utbreidde misnøya med forureining, som er eit stort problem i landet.

LES OGSÅ: Utsleppa av klimagassar flatar ut


Marius Støylen Korsnes på klimatoget.

Havvind på Sunnmøre
På klimatoget har ungdommar frå Natur og Ungdom og Spire har slått seg saman med besteforeldra i klimaaksjonen, representantar frå Naturvernforbundet, Framtiden i våre hender, Stans oljesponsing av norsk kulturliv, og ei rekkje andre med hjarte for klima og miljø.

Det er med håp om ein internasjonal klimaavtale dei togreisande frå Noreg ser vindmøllene i Tyskland suse forbi. Den komande veka er det dei store globale spørsmåla som står på agendaen.

Men ein klimaavtale vil få betyding også heime. Marius Støylen Korsnes trur forhandlingane kan innebere moglegheiter for Sunnmøre.

– Dersom Noreg forpliktar seg til å redusere utslepp på heimebane, vil det tyde ei større satsing på fornybar energi også heime, seier han, og peikar på at Sunnmøre har mykje relevant kompetanse på området.

– Ei utbygging av vindkraft til havs krev kunnskap om alt frå tryggleik til design av skipa som skal frakte vindmøllene ut. Dei kompetansemiljøa som allereie finst i til dømes Ulsteinvik vil kunne spele ei viktig rolle, meiner han.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist

Faktaboks

I desember møtest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der skal dei forhandle fram ein bindande klimaavtale, som regulerer kor mykje klimagassar kvart land kan sleppe ut.
183 land har meldt inn sine mål. Til saman vil dei innmelde måla gi ein temperaturauke på 2,7 grader.

Les siste nytt frå Paris her!