mm
Faktaboks

Hiv (humant immunsviktvirus) er ein infeksjon som smittar ved usikker sex og blodkontakt

Utan behandling utviklar hiv seg til aids, som er eit immunsviktsyndrom

30-40 millionar menneske i verda har hiv

19 millionar av desse veit ikkje at dei er smitta

I fjor fekk 142.000 nye menneskjer i Europa hiv-diagnosen, det er det høgaste talet på nysmitta sidan WHO starta registreringa på 80-talet

5.622 nordmenn lever med hiv (31. des 2014)

68 prosent av desse var menn, og 32  prosent kvinner

I fjor vart det meldt om 249 nye tilfelle

Innvandrarar som er smitta før dei kjem til Noreg utgjer om lag ein tredel av tilfella

Menn som har sex med menn er ei anna gruppe som er spesielt utsett

Folkehelseinstituttet reknar med at 500-700 nordmenn lever med hiv, utan å vete om det

Kjelde: Folkehelseinstituttet, HivNorge, verdens aidsdag

LES FAKTALUKK FAKTA

–  Det kjipaste for meg var at eg fekk den ekstra merkelappen. Den påverkar deg ganske mykje. Det trur eg at eg sleit ganske mykje med, forklarar Jens Tekle.

Ingenting ved den lange, tynne 27-åringen som sit i stolen ovanfor meg, avslører at han er hiv-positiv.

LES MEIR: Kva er hiv?

Seks år med hiv
Jens har levd med hiv i seks år, men har brukt lang tid på å verte komfortabel med diagnosen.

Allereie som 17-åring flytta Jens frå heimkommunen Melbu til hovudstaden.

Han hadde budd heimafrå nokre år då han som 21-åring vart svært sjuk av den første hiv-infeksjonen.

Jens skjøna med ein gang kvar det bar. Det kom ikkje som noko sjokk.

Han var heller ikkje i tvil om at han hadde vorte smitta via sex.

– Er det mykje såkalla risikoåtferd i homofile miljø?

– Eg kan berre prata ut ifrå mine opplevingar, og mitt inntrykk er at det er det. Men det gjeld sjølvsagt ikkje alle, og sikkert ikkje fleirparten heller. Men det er jo ein grunn til at det er på frammarsj. Og det er jo på frammarsj blant menn som har sex med menn i verda. Det er jo fordi folk ikkje beskyttar seg, svarar Jens, og held fram:

– Då eg var 21 tenkte eg at det var ikkje noko krise. Det finst medisinar som er kjempebra. Men så endrar det jo veldig mykje.  

LES OGSÅ: Baby kurert for hiv i USA

Tabutema
For berre ein månad sidan hadde det vore utenkjeleg for Jens å skulle stille opp i dette intervjuet.

27-åringen møter få jamaldrande med hiv, men gler seg over at han denne hausten for fyrste gong vart invitert til eit arrangement for unge hiv-positive. Dette er ei gruppe ein ikkje ser så mykje til.

– Eg trur det er tabu. Det har i alle fall vore det for meg veldig lenge, bekreftar Jens, som har vore redd for reaksjonane.

Han kan difor godt skjøna folk som fryktar moralpreikenar og fordømming.

– Tenk alt ein skal igjennom som ung, utan at ein har hiv. Så har ein denne tingen i tillegg, som er ein ganske stor ting. Eg var 21 år og skal visstnok leve til eg er 90. Det er ganske mange år med hiv. Eg veit at det alltid er ein ting eg er nøydd å dra fram om eg vil ha meg ein kjærast.

LES OGSÅ: Probiotika kan hjelpe hiv-pasientar

Jens Tekle (27) hiv-positiv
Jens Tekle har byrja å leike med tanken på å bruka engasjementet og ressursane sine til å betra kunnskapen om hiv.

Vil bidra til meir openheit
Ein kan nesten verte litt overraska over kor lett Jens fortel om den tabubelagte diagnosen.

1. desember er verdas aidsdag. I samband med det oppmodar HivNorge og ei rekkje andre organisasjonar folk til å dele raude sløyfer eller på andre måtar setje fokus på saka under emneknaggen #bryttausheten og #hivsløyfing

I ei undersøking frå 2009 svara over 90 prosent av hiv-positive at dei var opne om diagnosen sin. Denne openheita var gjerne avgrensa til nokre personar og berre éin av tre hadde fortalt kollegaar om diagnosen.

Ei slik avgrensa openheit vart gjerne ein ekstra stressfaktor for respondentane.

Undersøkinga viste òg at det er større openheit om diagnosen i homofile miljø, samanlikna med heterofile miljø.

LES OGSÅ: Anette og Kuena står saman i kampen mot hiv

– Ikkje hopp ut i det å skulle vera open
Då Jens fekk diagnosen såg han først mange avgrensingar. Han frykta reaksjonane. Tankar om få barn rakna. Skulle han ha i det heile ha sex?

I dag har han kome så langt at han deler diagnosen sin på Gaysir-kontoen, så slepp han å ta det opp seinare.

– Eg føler i alle fall at ved å vere open har eg gjort det til ein litt mindre ting for meg. Det var nesten litt overraskande. Dette er ein ting eg ikkje må gå å bera på på den måten lenger. Det er ute der, så tåler eg jo om folk reagerer negativt på det, seier Jens, som har funne ut at han har styrke og ressursar til å bidra med den openheita som det utan tvil er trong for. 

Likevel vil han rå andre til å tenkja seg godt om før dei deler.

– Ikkje hopp ut i det å skulle vera open. Ta den tida du treng for å prosessere det og prøv å bli komfortabel med det. Bruk dei organisasjonane som er der og få med deg dei støttespelarane du har i livet ditt, seier han, og legg til:

– Og det ordnar seg.

LES OGSÅ: Student laga film om hiv

Mange spørsmål
– Det er berre å spørja, forsikrar Jens.

Så då spør eg kva folk plar spørja han om.

– Nokon veit ein del, og det er alltid hyggeleg. Andre lurar på om eg kjem til å leva lenge. Om eg kjem til å få aids. Om korleis medisinane fungerer. Om eg er mykje sjuk. Om eg er smittsam. Korleis det kan smitte, ramsar 27-åringen opp.  

For å svara på nokre av desse spørsmåla:

På grunn av dagens medisinar kan Jens leva like lenge som ein person utan hiv-viruset. Ein kan faktisk ikkje ein gong måla viruset i blodet i blodet hans.

Jens vil heller ikkje utvikla aids, takka vere ein enkelt tablett – som inneheld tre medisinar.

Og sjølv om han kan verte oppgitt over at han er avhengig av denne eine pilla, så verkar ho optimalt utan biverknadar.

– Eg veit ikkje om eg har lov å seia det, men eg er ikkje smittsam, ler Jens.

LES OGSÅ: – Hiv kan utryddast

Kriminell sjukdom
No stoppa du kanskje opp og lurer på kvifor Jens formulerer seg som han gjer. Har han ikkje lov å seia at han ikkje er smittsam?

Det er fordi norske helsemyndigheiter ikkje offisielt seier at hiv-smitta ikkje er smittsame.

Og hiv-positive kan faktisk risikere straffeforfølging i Noreg.

Noreg har i fleire år fått kritikk for den såkalla hiv-paragrafen – straffelova sin paragraf 155, som gjorde det straffbart for hiv-positive å utsetja andre personar for smitte.

I oktober i år vart paragrafen erstatta av to nye paragrafar – 237 og 238.

Smitteoverføring kan framleis straffast med opptil seks års fengsel.

Det som no er nytt er at personar ikkje kan straffeforfølgjast for smitte av ektefelle eller sambuar, dersom dei har samtykka til smittefaren.

Både Jens og HivNorge er glad for endringane, men meiner dei framleis ikkje svarar til den medisinske verkelegheita. Faktum er at det er minimal risiko for å overføra hiv-smitta, dersom ein er riktig medisinert.

– Sikker sex med ein hiv-positiv på medisinar, er jo sikrare enn usikker sex med nokon som kanskje har det.

Hiv på frammarsj
– Så kva vert ditt råd til andre?

– Bruk kondom, folkens, svarar Jens i ei lattermild, belærande tone.

Han vert meir alvorleg når han rår folk til å tileigna seg kunnskap om emnet. Dette gjeld både folk generelt, men Jens nemner òg døme på legar utan tilstrekkeleg kunnskap.

Du trudde kanskje at hiv berre var noko som høyrde 80-talet og Afrika til? Då må du tru om igjen.

I fjor var det rekordmange nye hiv-smitta i Europa, ifølgje ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

I 2014 vart det registrert 142.000 nye hiv-smitta, noko som er det høgaste talet sidan målingane starta på 80-talet.

Godt over halvparten av tilfella vart registrerte i Russland, eit land der organisasjonar som jobbar med hiv-informasjon og testing møter mykje motstand.

Jens er godt informert på tilhøva i verda.

Siste nytt på hiv-fronten er førebyggjande medisinar, kalla PrEP (Pre-Exposure Prophylaxis), som kan minke risikoen for smitteoverføring med opptil 96 prosent.

– Mange land har godkjent det, men Noreg heng etter. Me må få inn PrEP, slår han fast.

– Så kva er det viktigaste alle bør vete om hiv?

– At det ikkje er ein dødsdom. At det er eit virus som i utgangspunktet er vanskeleg å få – i alle fall når ein er medisinert. At det ikkje er farleg – i alle fall ikkje her i vesten. Men sjølv om det ikkje er ei fysisk greie, så er det eit stigma, det er noko som skjer med hovudet ditt. Det er ikkje noko ein vil ha, sjølv om det på ein måte er lettvint no,  avsluttar Jens.

LES OGSÅ: Camilla står fram med hiv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE