Ei kald skulder frå Disney

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 13.04.2017 15:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fyrst såg det ut til at Språkåret 2013 skulle få eit verdig punktum i norske kinosalar. Forsmakssnutten som vart lagt ut frå storsatsinga Frost, bar bod om at dei sentrale rollefigurane – til ei gledeleg forandring – vart dubba til vesttelemål.

Då premieredatoen nærma seg, byrja det diverre å visa seg at dialektdubbinga var lagt på is. Telemåltraileren vart fjerna frå nettet, og erstatta av nye utgåver der hovudpersonane snakka tilnærma normert bokmål med Oslo vest-uttale. 

Reaksjonane kom allereie før filmen var vist på kino. På Facebook-sida si har Disney Noreg fått mange spørsmål om den språklege kuvendinga i Frost. Svaret lèt til å koma frå ganske tynn is:

«Vi tok en avgjørelse om å dele traileren på et tidlig tidspunkt fordi vi synes filmen er så bra, og med den norske forankringen i historien ville vi vise den med norske stemmer  altså før vi hadde kommet endelig i havn med valg av stemmer i dubbing-prosessen.» 

Kall meg kynisk, men eg slit med å tru på at verdas største mediekonsern har for vane å leggja ut smakebitar med heilt vilkårlege dubbingrøyster. Dersom det var sant, kvifor skjer det då ikkje oftare? Kvifor har ikkje rollefigurar i andre Disney-filmar skifta dialekt frå traileren til den ferdige filmen?

Bortforklaringa deira er openbert ikkje sann. Disney har servert oss hovudrollefigurar på normert riksmål i mange tiår. Alt som smakar av dialektmangfald har vore konstant ute i kulda – i beste fall overlate til styggingar og snåle bifigurar. Når dei så plutseleg lanserer ein trailer på vesttelemål, er det garantert ikkje tilfeldig.

Det som har hendt, er kort og godt at nokon hjå Disney Noreg fyrst bestemte seg for å bryta dialektmonotonien, men deretter feiga ut. I staden for å ha is i magen, fekk dei kalde føter, og gav vesttelemålet ei kald skulder.

Misforstå meg no endeleg rett: Det er ikkje noko gale med bokmål eller målmerke frå Oslo vest. Problemet er at dialektane våre er sorterte i eit statushierarki, som vert halde ved like av mellom anna språkbruken i populærkulturen. 

Heilt frå me er små, og kjem i Disney si målgruppe, vert me pepra med språkleg einfald på fjernsyn og film. Dette einfaldet fortel oss at somme måtar å snakka på er meir verdt enn andre. At somme måtar å snakka på er bra nok til at dei kan brukast på film. At somme måtar å snakka på er bra nok til at sjølv heltane og hovudrollefigurane på film kan snakka slik. Andre måtar å snakka på, derimot, dei er for dårlege.

Desse skilnadene har Disney dyrka i alle år. Dei kunne byrja bøta på det ved å la prinsesse Anna og isseljar Kristoff snakka vesttelemål, slik dei hadde planlagt. Men då det kom til kritet, torde dei ikkje.

Éin ting skal dei ha for, sidan det er jul og tid for å vera raus: Dei bokstaveleg talt steinkule trolla snakka eit prima nynorsk normaltalemål. Det er vel og bra, men diverre ei mager trøyst for dei som har fått dialekten sin fryst ut til fordel for nok ein dose språkleg metervare.