Fekk æra av å få skuleskipet MS «Gann» trygt i hamn på Leirvik.

Anita Haugland, Sunnhordland
Anita Haugland, Sunnhordland

– Det var mest stas i fjor, for då var det første gongen. Men det var kjekt i år også, seier Håvard Vikanes Tverborgvik frå Sagvåg.

Sosialt
17-åringen kjem rett frå vakt i maskinrommet, nydusja og pynta i uniform med kvit skjorte og svart slips.

– Normalt er me på skulen frå klokka 8.30 til 16, men når me er til sjøs er tidspunkta litt meir svevande, seier Tverborgvik.

Han fortel at han i natt har vore bruvakt.

– Eg fekk styra skipet frå Jektevik og inn i hamna på Leirvik.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter "Titanic-suksess"

Draumen
Tverborgvik går det andre året på skuleskipet «Gann».

– Eg hadde eigentleg bestemt meg for å gå media og kommunikasjon på vidaregåande, men fann ut at eg ville reisa rundt i verda i staden for å sitja bak datamaskinen heile dagen, seier Tverborgvik.

Han fordjupar seg på dekk, som er det første trinnet på vegen mot ei utdanning som dekksoffiser.

– Etter to år her skal eg ut i lære to år. Dersom eg klarer fagbrevet, blir eg matros, seier 17-åringen.

Men draumane hans stoppar ikkje her.

– Målet er å gå meir på skule etter fagbrevet. Eg ønskjer å jobba som offiser eller overstyrmann, seier Tverborgvik.

Han er heller ikkje framand med tanken om å jobba på ei ferje.

– Eg har alltid interessert meg for ferjer. Når eg får kone og barn kan det henda eg byrjar i ein slik jobb, så kan eg gå heim på dagtid, fortel Tverborgvik.

LES FLEIRE SAKER OM JOBB HER!

Rekruttering
Skuleskipet løyste ikkje frå kai før klokka 20.30 i går kveld. Elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande skular fekk omvising om bord, i tillegg til informasjon om kva moglegheiter som finst innanfor den maritime næringa.

– 260 elevar frå mellom anna Øyatun ungdomsskule, Rimbareid, Husnes, Rosendal, Nysæter, Moster og Bremnes har vitja «Gann» i dag, seier Steinar Tveita i Maritimt opplæringskontor.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE