UiO har intensivert jakta på juksemakarane. Institutt for informatikk har utvikla eit program som skal avsløre uærlege studentar.

Ingrid Finess Evensmo/Universitas
Ingrid Finess Evensmo/Universitas

– Det er veldig lett å finne programmeringskoder på nettet, og gjere dei til dine eigne. Line Marie Madsen, informatikk-student

UiO har fått mykje merksemd etter at det vart kjent at tala på studentar som blir teke for juks og plagiat ved universitetet aldri har vore høgare.

Sjølv hevdar UiO at rekorden skuldast ein auka innsats for å ta fuskarane. Studiedirektør Monica Bakken avslørar nokre av metodane universitetet nyttar seg av.

– Vi har mange innfallsvinklar for å unngå og å avsløre juks. Vi brukar plagieringskontrollverktøyet Ephorus på utvalde eksamenar kvart semester, i tillegg til dei skarpe sensorane våre, fortel ho.

Ephorus er eit tekstattkjenningsprogram, som samanliknar oppgåva di med tidlegare eksamenssvar og dokument som ligg ute på nettet. Finn programmet stor likskap mellom teksten din andre sin tekst, kan du bli teke for plagiering.

I tillegg blir det brukt munnlege eksamenar og rettleiing for å avdekkje juks på eksamenar med større oppgåveinnleveringar.

– Munnleg eksamen er ein utmerka måte å avsløre juks fordi det som regel raskt blir klart for sensorane om dette er ei oppgåve studenten sjølv har jobba med. Rettleiinga krev at studentane gjer greie for framgang, problemstillingar, osb og då skal det godt gjerast å snike seg unna, seier Bakken.

Studentane smartast?
Line Marie Madsen går første året på Informatikk:design, nytte, interaksjon ved UiO. Ho trur ikkje metodane til universitetet for å ta juksarane alltid fungerer.

– Sjølv om UiO skryter av at dei er så flinke til å ta juksarane, så trur eg til dømes studentane på informatikk er smarte nok til å skjønne korleis dei skal bruke andres arbeid utan å bli teke for det, seier ho.

Madsen meiner det er lett å jukse i programmeringsfaga på universitetet viss ein vil.

– Det er veldig lett å finne programmeringskoder på nettet, og gjere dei til dine eigne. Man brukar den same strukturen, men endrar namnet og då kan ein vanskeleg bli teke for fusk.

Ho har sjølv “late seg inspirere” av oppgåver som har lege ute på nett, men understrekar at ho aldri har brukt så store dele av svara til andre slik at det kjentest som juks.

Juks på informatikk
25 av 45 studentar som vart dømt for juks i 2010 gjekk på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, og studiedekan Annik Myhre innrømde i vekas utgåve av Universitas at det spesielt er informatikk-studentar som blir freista til å kopiere andres arbeid.

For å ta juksarane har Institutt for informatikk utvikla eit eige dataprogram, kalla Joly, som samanliknar oppgåvesvar med kva tidlegare studentar har levert inn. Medan Ephorus samanliknar tekst, ser Joly på likskapar i programmeringskodar.

– Joly rapporterer viss nokre leverer usedvanleg like kodar. Men Joly er berre eit varsel, det blir opp til faglærar å vurdere om studenten har juksa, fortel instituttleiar Dag Langmyhr.

Langmyhr seier han ikkje har høyrt om noko tilsvarande program andre stader, og at det var difor instituttet avgjorde å utvikle sitt eige.

Førebygging
Men Madsen er usikker på kor rettferdig instituttet sitt juksetiltak er.

– Mange kopierer halvvegs frå andres oppgåver som ligg ute på nettet, men dei hadde fått like mykje hjelp viss dei hadde brukt instituttet si vegleiingsteneste. Vegleiarane skriv nærast oppgåvene for deg, men då brukar dei jo nye koder og du vil difor ikkje bli teke for juks, fortel ho.

Ho synest det ofte er uklart der grensene for juks og plagiat går. Studiedekan Annik Myhre seier fakultetet har prøvt å gjere dette tydelegare for studentane den siste tida.

– Vi prøver å undervise alle studentane tidleg i studieløpet om kva som blir rekna som juks og ikkje, og snakkar om rett kjeldebruk og etikk på førelesingane, seier ho.

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Oppdatert: tysdag 6. juni 2017 08.09

Kommentarar

ANNONSE