Kjenner alle nokon som bruker narkotika.

Steffen Hegerland, Øystein Myhre og Jan Einar Ragde/Grannar.no
Steffen Hegerland, Øystein Myhre og Jan Einar Ragde/Grannar.no

Narkotika er ikkje så skjult som det eingong var.

Camilla Vik (16) frå Bjoa, Ida Marie Stople (16) frå Sandeid, Michelle Krokstad (16) frå Ølen og Oda Emilie Roa (16) frå Ølen tar alle sterk avstand frå narko.

Jentene seier at GHB, amfetamin og hasj er det som er mest normalt.

– Eg har sett folk rusa seg på fest, seier Oda Emilie Roa.

Jentene kjenner alle til ungdom som har prøvd narkotiske stoff.

– Kallenamn eller kodar som blir brukt innanfor hasjmiljøet er til dømes «å ta ein blås», seier Michelle Krokstad.

Jentene er einige om at narkotika er teit og at det øydelegg folk og miljøet.

Store skadeverknadar
– Hadde dei tenkt grundig igjennom skadeverknadane ved å bruke narkotika før dei begynte, trur eg ikkje dei hadde begynt med det. Det finst mange folk som berre skal prøve ein gong, så blir det ein gong til. Og då kan det jo kanskje vera for seint å tenka på skadeverknadane, fordi dei kanskje er blitt avhengige. Det går jo sjølvsagt an og få hjelp, men det er spørst om dei vil det eller klarar det, seier Camilla Vik.

Jentene trur grunnen til at folk begynner å rusa seg, er at folk vil sjekka verknaden og at dei ikkje har det lett heima.

– Det kan vera mange grunnar til at folk begynner med narkotika, kanskje dei har det vanskeleg eller er einsame, seier Camilla Vik.

– Folk vil ofte prøva narkotika fordi det høyrest tøft og kjekt ut, seier Oda Emilie Roa.  

Redd  
– Narkotikamiljøet har ikkje påverka meg, men eg er redd for å få noko i drikka mi på fest. Eg trur at folk som er imot narkotika, og som jobbar med førebyggjande arbeid, bør laga meir filmar som dei kan visa på skular. Informasjonen bør komme ut til ungdom tidleg slik at dei får inntrykk av kva narkotika eigentlig er. Eg trur det er viktig å både vise og seie at me er imot narkotika, kanskje det kan påverke andre til å halde seg vekke i frå det, seier Camilla Vik.

Jentene er ikkje redde for å hamne i dette miljøet, men fryktar at nokon skal lure dei.

– Dersom eg er på fest har eg alltid gode venner rundt meg og tek alltid med meg glaset ut, seier Ida Marie Stople.

LES HEILE SAKA PÅ GRANNAR.NO!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE