Ullensvang på konserttoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har flest konsertar per innbyggjar

Ullensvang hadde nesten éin konsert om dagen i 2013. Sett i forhold til folketalet på vel 3300, er dette mest i landet. Dette viser ferske tal frå Norsk kulturindeks over Tonoregistrerte arrangement.

Ullensvang hadde tre gonger fleire konsertar per innbyggjar enn nummer to på lista, Tydal.

Træna kommune er den som har dei høgaste billettinntektene per innbyggjar. Mykje av dette skuldast Trænafestivalen. Vinjerock er med på å gi Vang i Valdres ein fjerdeplass i billettinntekter.

LES OGSÅ: Kniving i kulturtoppen

Træna kommune har kring 500 innbyggjarar. Under Trænafestivalen blir folketalet mangedobla. Foto: Ole Kristian Losvik/CC BY-ND 2.0-lisens